"– da får du bønner, Gud!"

Han far fortalde at bestefar hans, Eiliv Bøtun, som kom frå Fresvik i Sogn, hadde vore prestaskyss, attetil plassmann. Det var i den tid dei rodde presten over fjorden, til anneksene Feios og Fresvik, som i dei dagar høyrde til Leikanger prestegjeld.

Ei vende dei for om fjorden ein temmeleg regntung sommar, orda presten frampå om dei skulle lysa til ei eiga gudsteneste og be om ’godt og lagleg ver’, som det heitte i kyrkjebøna før, for å få terre, høyturk, slik at dei fekk hysa, ta turrhøy, før alt som hang i hesjane vart skjemt. Men då skal oldefar min so turt ha svara, at “eg trur ikkje presten traingje be om opplett so laingje han e’ ao denna kanten”. Slikt fortel om ei jordnær gudstru – og sjølv ei himmelvend bøn bør vera røta i røyndommen.

Henrik Wergeland skreiv i diktet Juleaftenen om eit overhendig uver: “I slikt vær, da får du bønner, Gud!”. Anten det no gjaldt uver ute eller indre stormar i folk. Og slik har det tradisjonelt vore her i landet, so lenge folk var og dels er avhengige av veret i sitt arbeid for føda, vere det seg til sjøs eller på landejorda. Det spegla seg som sagt i den gamle forbøna og har vore sagt fram til i dag, men er openbert på vikande front etter det eg kan lesa ut av den boka de har skrive om liturgiske bøner til kyrkjebruk.

Røyndom mot reality

Dette har naturleg nok mykje å gjera med at folk flest, ogso kristenfolket, vert meir og meir fjerne frå naturen og livsgrunnlaget vårt i form av fiske, fangst og jordbruk – og anna ærleg arbeid, hadde eg nær sagt. Me treng snart ikkje tenkja på kva som skal halda oss i live, her i vår velstandsverd. Me lever dessutan i ei medieverd dominert av fiktive reality-seriar, so stikk i strid med nemninga og fjernt frå røyndomen som det går an, med ei sjuk sjølvdyrking og dansen rundt gullkalven; då vert truleg ogso smått om senn bønene våre og gudstenestene framande for det verkelege og viktige.

For eit par år sidan kom den gode filmen Folk ved fjorden – som mange sikkert har sett – om to bønder, ei kvinne og ein mann, med kvart sitt bruk, kvar si drift og kvart sitt liv – i den verkelege verda. No nett har det vore slepp på ein ny ’real reality’-film, Søsken til evig tid, om eit syskenpar som driv gard på gamlemåten oppi Naustdal i Sunnfjord. Ikkje det at me skal idyllisera slikt slit, men dei syner sann røyndom og eit jordnært liv som truleg er ein betre grobotn for å venda seg til Gud med noko viktig.

Og med ekstremveret me har opplevt her heime dei siste åra, Dagmar for snart to år sidan og Hilde no nett, og tsunamiane og tyfonane fleire stader i Asia og i Amerika, no sist på Filippinane, kan det henda at folk sjølv i vår sutalause del av verda tek til å venda seg til den verkelege verda att og be eksistensielle bøner – i bokstaveleg forstand. Klimaendringane kan koma til å endra folk – og kyrkja – sitt bøneliv.

«Hjertebank og sjelefred»

Men at det i bønene som blir brukte i gudstenesta, vert trekt inn kjensleuttrykk og bøn om hjelp til sjølvhjelp, slik boka peikar på fleire gonger, tykkjer nok eg er bra, berre det ikkje vert røyndomsfjernt føleri av det. Det subjektive er ogso sanning for oss. Men det må ikkje seiast for svulstig og pompøst, slik at det blir karikaturar. Skal me setja ord på det personlege og subjektive, gjer truleg ingen det betre enn Anne Grethe Preus har sagt det, i songen Ro meg over; ’Gi meg hjertebank og sjelefred’. Kjartan Fløgstad har i eit dikt i Dalen Portland skrive at ’...det me diktar opp, skal bli sannare enn røynsle’ – ogso ei utruleg flott formulering. Men det er eit fenomen me må dyrka med måte, ikkje minst i bønebruk og gudstenesteliv – og i kristenlivet elles.

Apropos poesi, so har eg ei hang til å festa meg mest ved bøner som gjerne er litt poetisk forma – ofte med alliterasjon, bokstavrim, ogso kalla framrim. Det er allment kjent at slike formuleringar både er lettare å seia og å hugsa. Det gjeld òg ordpar og kontrastuttrykk, som boka åtvarar ein del imot. Fåren er sjølvsagt at det lett vert for mykje av det og at forma vert viktigare enn innhaldet, at det blir so godt sagt at ein berre står der og ’bedriv ord’ i gudstenesta. Innhaldet er – trass alt – det viktigaste!

Eksistensielle og aktuelle bøner

Men fellesbøner i gudstenesta – og andre stader der me er samla to eller tre i Guds namn – bør vera gjennomtenkt formulerte, både slik at dei fell naturleg, men ikkje banalt, å framføra og har eit viktig innhald som samla femner dei fleste av livsens forhold – iallfall over tid, t.d. eit kyrkjeår eller to. Dei bør vera både eksistensielle og aktuelle, men ikkje moteprega døgnfluger i form og innhald. Og dei må seia noko essensielt om hopehavet mellom menneske, skaparverket og Gud – litt rundt sagt.

Bøner i gudstenesta er kollektive bøner, ikkje individuelle – anna enn der ein legg fram for Gud det kvar og ein av oss har på hjarta. Likevel stiller vel dei fleste seg bak det meste som vert sagt i ei felles forbøn, samlingsbøn eller nattverdsbøn, og då er det viktig å kjenna at du til ein viss grad set eigne ord på det du vil ha sagt Vår Herre. Dei gode, felles formuleringane er det me slit med å finna. For me er ikkje alle like ordhage som Ole Paus, som mellom anna godt har skrive at ’Det begynner å bli et liv, dette her, det begynner å ligne en bønn…’ Elles kan han òg vera ein vel stor ordgytar.

Å bruka hjartespråket

Eg er utlærd teolog, men har ikkje praktisert mykje som prest. Eg var likevel ferieprest heime i Sogn nokre somrar. Då ’kom eg i skade for’ å be Fadervår på sognamaol, slik eg alltid har gjort og enno gjer, ogso i gudstenesta. I ettertid har eg fått fortalt at det sette somme pris på, medan andre meinte det ikkje høvde nett i kyrkja. Men det viktige med å be på sitt eige mål, i dette høvet målføre, er å gjera bøneinnhaldet til sitt eige og setja eigne ord på det ein vil målbera Vår Herre, å bruka hjartespråket ogso i bøna.

Det var det arbeidet Luther tok til på, å gje folk bibelbodskapen på deira eige språk, ogso i gudstenesta. Hjå oss var det fyrst og fremst Blix som kristna det norske målet, med sine salmer frå 1862 og frametter. Ivar Aasen var òg med på å kristna målet han hadde samla og sett saman, med sin noko ukjende innsats i arbeidet med å få sett om nytestamentet til landsmål. Og Anders Hovden gjorde den gamle bibelbodskapen til folkeeige, langt ut over kristenfolket sine rekkjer og inn i dei frilynde flokkane.

Deprimerande domenetap?

Bønelivet slit elles med litt av det same som nynorsken; det lid ’domenetap’, som det so fint heiter no, ikkje fyrst og fremst på grunn av språket i seg sjølv, men fordi folk og forhold endrar seg so snøgt, frå eitt liv til eit anna, frå røyndom til sokalla reality, dvs. eit metaliv, noko som er svært godt skildra m.a. på side 128 i boka. Eg er stygt redd boka har rett i at både Gudsbilete og menneskesyn er i ferd med å forandra seg, at det skjer snøgt og allereie syner att også i bønetekstar og gudstenesteliv i form av tydelege teologiske og språklege endringar.

Eg må vedgå at eg vert noko mismodig når eg les kor langt næringslivsideologi og marknadstenking har ete seg inn i gudsteneste- og bønelivet vårt, ja, i kristenlivet i det heile. Er det noko det vert åtvara sterkt mot i Skrifta, so er det å tena Gud og Mammon, dyrka katedral og kommers, samstundes.

Når dere ber er nok ei bok for spesielt interesserte, matnyttig for dei det gjeld, slik innleiinga gjer greie for. Men som mest lekmann må eg få retta ei takk til forfattarane for ei både lærerik, interessant og tankevekkjande bok om emnet bøn og liturgisk språk i gudstenesta. Mykje av det er skrive som skulle eg ha sagt det sjølv, berre mykje meir innsiktsfullt og presist. Eg vil til sist få gje forfattarane ros for å ha skrive forståeleg, ryddig og pedagogisk godt. Takk skal de ha.

 

Alv Reidar Dale er teolog og seniorkonsulent i Uniforum

By Alv Reidar Dale
Published Jan. 10, 2014 1:42 PM - Last modified June 4, 2015 1:51 PM