Det alternative som mangfald eller konstruksjon?

Master i religionshistorie Margrethe Løøv ønsker å bidra til begrepsavklaring med innlegget ”Hva er ”alternativt?” . Konklusjonen er at ”det alternative” framstår som ”kultisk miljø”, i tråd med sosiologen Colin Campbell sin terminologi allereie frå 1972, ”om enn med skiftende innhold”. Innleiingsvis slår også Løøv fast at det alternative best kan forståast som ein forholdsdefinert kategori og ikkje eit innhaldsdefinert begrep. Dette står i ei viss spenning til Campbell sin konklusjon, for han ga også eit substansielt innhald til det kultiske miljøet, nemleg som okkultisme, magi, spiritualisme, mystisisme, New Thought, ”UFO-tru”, healing, naturmedisin med meir.

Intensjonen om å komma nærare ei avgrensing og tydeleggjering av kva som ligg i uttrykket og fenomenet ”alternativt”, er god, men det er ei vanskeleg øving med kanskje litt avgrensa bruksverdi når alt kjem til alt. Meir spesifikke arbeidsdefinisjonar kan vera lettare å gjera bruk av i ei konkret undersøking. At Alternativt Nettverk (AN) er ein viktig aktør i norsk samanheng og derfor blir gjeve mykje plass i innlegget, er forståeleg, men ikkje uproblematisk, noko eg illustrerer nedanfor.

 

Løøw har fine poeng i det ho t.d. viser at ”alternativitet” er eit uttrykk med gradar av tyding, som når Ertesvåg og Nyhetsspeilet blir utdefinert frå AN sine fora, men heller ikkje dette dømet er heilt uproblematisk slik det blir nytta her. Det er ei utfordring å skulle gjera greie for alt det Løøv tematiserer i tittelen på avgrensa bloggplass, og nokre av innvendingane mine kan nok tilbakeførast til innleggsforfattaren sin avgrensa plass. Eg gjev i det følgjande ei litt anna skildring av alternativfeltet, og utdjupar problematiseringa mi av nokre poeng i Løøv sin artikkel.

 

Alternative organisasjoner og begreper

 

Norske alternative miljø er i stor grad prega av internasjonale trendar, idet samtidsspiritualiteten (for å nytta ei anna nemning) er eit temmeleg globalisert, sosiokulturelt uttrykk. Mange alternativspirituelt engasjerte føretrekk også andre begrep på eigne syn og aktivitetar, enn ”alternativt”. Andre (meir?) føretrekte emiske termar er åndeleg, nyåndeleg, spirituell, søkande, spirituelt arbeidande, holist (i tillegg til meir spesifikke, tradisjons-/teknikkrelaterte merkelappar eller plasseringar ein evt. vil nytta) – og ein del unngår eller uttalar seg kritisk til merkelappar i det heile.

 

Eg meiner Løøv gjev AN for stor eller fundamental tyding i innlegget, mellom anna ved å blanda kategoriane ”nettverk” og ”organisasjon”, og dette får følgjer for hennar generelle skisse av miljøet/feltet. AN har aldri vore ein paraplyorganisasjon som i stor grad har forma det norske alternativmiljøet. Dei var og er forum, nettverk, magasin-utgjevar og messe-arrangør. Dette tyder ikkje at dei ikkje har utgjort ei sterk kraft kva gjeld det å målbera alternativfeltet sine interesser og saker. AN koordinerer ikkje størsteparten av alternativmiljøet her til lands, både fordi dei ikkje har ein slik funksjon, og fordi ”miljøet” er noko langt meir flytande og omskifteleg.

 

AN står bare bak tre (store) messer årleg, i Oslo (Lillestrøm), Bergen og Trondheim, medan alternativmesser som kjent blir arrangerte over heile landet, også i mindre byar. I Stavanger har t.d. den årlege, store alternativmessa vore arrangert av Christian Paaske i 16 år. Alternativnettstaden alternativmesse.no listar opp 17 messestader i 2012, men dei listar pr april t.d. ikkje opp messa i Sandnes (som var i mars), så talet er ennå større (eit estimat frå alternativmesse.no (2008) om 50 årlege messer og 100 000 besøkande årleg er hyppig sitert av fagfolk, men ei nøytral, landsdekkande undersøking er så vidt eg veit ennå ikkje gjort). AN arrangerte for øvrig den fyrste messa i 1993, ikkje i 1994. 

 

Andre sentrale aktører

 

Holistisk Forbund (HoF), stifta i 2002, passar kanskje betre til den rolla Løøv gjev AN, sjølv om dei på mange måtar framleis er ein langt ”spedare” aktør. Merk at HoF ikkje har valt den ”forholdsdefinerte kategorien” alternativt som nemning, men relaterer seg til den noko meir sjølvforklarande storleiken holisme. Ein fast organisasjon med intensjon om å representera breie lag av spirituelt eller holistisk orienterte folk, med medlemskap, formålsparagrafar, medlemsdemokrati med utvikling av ståstader og praksisar osv., ser me førebels bare ved HoF, som truleg også er ganske unik i internasjonal samanheng.

 

Over heile landet har impulsane til og frå alternativfeltet og nyåndelegheita strøyma fritt, og har kryssa mange grenser, herunder geografiske grenser. Det er verd å minna om nestorane Gilhus, Mikaelsson, Alver og Selberg (UiB) si tidlege utforming av ulike begrep og modellar for å skildra nyreligiøsiteten/alternativspiritualiteten, t.d. som konsentriske sirklar der påvirkningane går på kryss og tvers. Det stemmer nok at ”alternativt orienterte aktører danner samabeidende interessefelleskaper”, men på kva måtar dette blir gjort, og kor vidt dette er ”nytt”, er store spørsmål. Norsk Akademi for Naturmedisin har t.d. utdanna studentar i 30 år, og kan jo seiast å (også) vera eit samarbeidande interessefellesskap. Slike institusjonar og fellesskap bør óg reflekterast inn i ein analyse av sjølvforståingar på det norske alternativfeltet, så vel som dei globale trendane og fellesskapa som norske aktørar deltar i.

 

Begrepa ”miljø”, ”bevegelse”, ”organisasjon”, kan vera vel så presserande å avklara, som ordet ”alternativt”. Det prosessuelle, kulturelt innvovne, globaliserte, ”multireligiøse” (Gilhus og Mikaelsson), mangetydige og så vidare, forsvinn litt ut av synsranda når dei sosiologisk lada begrepa dominerer i innlegget. Alternativspiritualiteten og det alternative kan t.d. skildrast som kulturelle ”felt”, for å synleggjera noko av dette. I internasjonal, sentral litteratur, som t.d. to-bindsverket The Re-Enchantment of the West (Christopher Partridge 2004, 2006), finst drøftingar av Campbell og andre klassiske og nyare teoretikarar sine perspektiv og vokabular. Partridge ender opp med å lansera termen ”okkultur”, som nok kan vera fagleg høveleg, men som jo ikkje er nytta som emisk kategori. Ei avklaring av emiske og etiske begrep, og ulike emiske og etiske tydingar av same begrep og ord, er påkravd.

 

Tematisering av konflikt og endring på feltet (”miljøet”) er ein aktuell og spennande innfallsvinkel. Grunna AN si noko konstruerte rolle i innlegget, får me her tendensar til homogenisering og essensialisering: at Ertesvåg ikkje fekk halda foredrag på den AN-arrangerte messa i Lillestrøm i 2011 er nok eit tydeleg og interessant døme på forhandlingar og forskyvingar på feltet, men korfor dette er det ”sterkeste eksemplet”, og i kva grad det evt. er representativt for det norske alternativfeltet, er uklart. AN har også sidan starten hatt debattar og drøftingar av førestillingar, praksisar og aktørar på feltet og av etiske problemområde, t.d. i magasinet sine spaltar.

 

Magasin- og bokfloraen innanfor det norske alternativfeltet er for øvrig ganske frodig: Ildsjelen blir så vidt nemnt i innlegget, men då som ”New Age-forum”. ”New Age” er i høg grad ein kategori som rører opp mykje, og bør i denne samanhengen forklarast. Men Ildsjelen er (også) eit magasin som har kome ut på landsbasis i 10 år. Magasinet Medium er eit av dei største kva gjeld publikasjonshyppigheit og distribusjon, og det relativt nye Magic magasin har ”Norges største alternative magasin” som tittel (utan at dei har kunna/villa forklara korfor på forespørsel frå meg, dei er openbart ikkje ”størst”). Bokklubben Energica oppgjev ikkje lenger medlemstal, men er definitivt stor, med månadlege publikasjonar ved same namn, og nettbokhandlarane har vide ”alternativ livsstil”-kategoriar som blir fylte med alternativspirituelt stoff retta mot norske lesarar.

 

Poenget her er at der er ein veritabel ”jungel” av magasin, publikasjonar, nettstader, forum og møteplassar for dei spirituelt engasjerte og interesserte (svært ofte glimrar for øvrig ”alternativ” med sitt fråver i eigenomtalar og tilhøyrande publikasjonar, også på AN sine nettsider!). I Noreg sitt største debattforum, VGDebatt, har temaområdet ”UFO og Alternative teorier” nær 6000 underkategoriar og 145 000 innlegg så langt! Ingen ”kontrollerer” det som skjer her, men det er ein del av dette brokete biletet, og folk er gjerne aktørar mange ulike stader. Løøv er inne på dette trekket ved feltet i avsnittet om overlappingar mellom ulike ”segment”, og dette er spennande og naudsynt å utforska vidare.

 

I tillegg har me alt det som skjer utanfor dei publiserte/kjende fora, kva enten slike tilgjengelege fora og utvekslingsplassar er på papir, nett eller som publikumsvennlege messer: på kva måte inngår ulike åndelege/spirituelle/alternative praksisar (herunder alternativ terapi) i endringsprosessar på feltet? Dette er sjølvsagt vanskeleg å avgjera, men bør tematiserast, om me skal gjera greie for sentrale endringar innan det norske alternativmiljøet.

 

 

Anne Kalvig er førsteamanuensis ved Institutt for kultur- og språkvitenskap ved Universitetet i Stavanger

By Anne Kalvig
Published Apr. 17, 2012 9:40 AM - Last modified June 4, 2015 1:51 PM