Disputas: Einar Vannebo

Einar Vannebo vil forsvare sin avhandling for graden dr.philos. under Det teologiske fakultet: ”Å vera menneske." Religion og menneskesyn i Olav Duuns dikting.

Tid og sted for prøveforelesningene

Prøveforelesningene vil finne sted 3. november kl. 17.15 og 18.15 i auditorium U40, Domus Theologica.

Les mer om prøveforelesningene

Bedømmelseskomité

  • Dr. Grethe Fatima Syed (førsteopponent)
  • Lektor dr.phil. Hans Hauge, Institut for Kommunikasjon og Kultur – Nordisk Sprog og Litteratur, Århus Universitet (annenopponent)
  • Dr.theol. Rolv Nøtvik Jakobsen, seniorrådgiver Bispemøtet, Den norske kirke

Leder av disputas

Dekan Aud V. Tønnessen

Sammendrag

I avhandlinga undersøker eg korleis religionsmotivet i eit representativt utval av Olav Duuns romanar målber og illustrerer særmerkte aspekt ved framstillinga av mennesket hos forfattaren.

I dei religiøse praksis- og idétradisjonane Duun vart eksponert for, kan vi sondre mellom statiske og dynamiske tendensar. Første delen av avhandlinga viser korleis stoff frå desse kjeldene blir brukte til å framstille mennesket i spennet mellom eit statisk og eit dynamisk livsprinsipp. Tekstane er gjennomtrengde av ein dynamisk intensjon som ikkje postulerer fastlagde oppfatningar eller posisjonar, men peikar på moglege tenke- og handlemåtar mennesket kan orientere seg mot i si leiting etter meining. Det litterære universet er dermed ikkje lukka og tilkjenner mennesket handlingsrom og håp.

Andre del av avhandlinga syner korleis Duun bruker sentrale element frå Bibelen som allusjonsbakgrunn og strukturerande ramme for romanane. Undersøkinga samlar seg om fem motiv: utvald-, offer, Kristus-, død/oppstode- og eskatologimotivet. Gjennom denne transformasjonen av bibelsk stoff, som indikerer ei rørsle i retning av noko uavslutta som ventar på oppfylling, blir den dynamiske intensjonen i menneskebiletet illustrert og stadfest.

English summary (pdf)

 

 

 

 

Publisert 15. sep. 2016 14:11 - Sist endret 1. nov. 2016 15:15