disputas-sandal-050914-del1

Margunn Sandal vil forsvare sin avhandling for graden ph.d.:"Overskridande arkitektur. Ei undersøking av det sakrale i nyare kyrkjebygg". 5. september 2014

Bedømmelseskomité

  • Lektor Nils Holger Petersen, Det teologiske fakultet, Københavns universitet (førsteopponent)
  • Professor Mari Lending, Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (annenopponent)
  • Professor Trond Skard Dokka, TF/UiO.

Leder av disputas

  • Prodekan Hallgeir Elstad

Om avhandlingen

Kan kyrkjearkitekturen presentere eit gudsnærvær som dei liturgiske handlingane ikkje formidlar?

Avhandlinga tar utgangspunkt i at ‘det sakrale’ står sentralt i vår tids samtalar om kyrkjebygg. Samstundes er det uklårt kva arkitektoniske kvalitetar eller religiøse erfaringar som blir knytt til sakral arkitektur. Mot denne bakgrunnen blir det føreslått at ‘det sakrale’ er det arkitektoniske tilsvaret til det møtet mellom Gud og verda som gudstenesta handlar om. Spørsmålet blir då korleis det overskridande kan byggjast og kva betyding det får i gudstenesta.

Gjennom ein nærstudie av tre nyare kyrkjer, St. Hallvard, Bagsværd og Mortensrud, blir det avslørt korleis møtet mellom Gud og verda kan få svært forskjellige arkitektoniske uttrykk. Er det slik at dess djupare vi kjem i det materielle, dess nærare er vi Gud? Eller fortonar gudsnærværet seg som ei frigjerande rørsle bort herifrå?

Dei ulike framstillingane har likevel det til felles er at det sakrale blir konstruert rundt forholdet til naturen i ein eller annan forstand. Det kan vere lyset, landskapet og vegetasjonen eller til dømes jord/himmel-forholdet. Slik set kyrkjebygga det liturgiske livet i samband med omgjevnadene. Gudstenesta skjer ikkje i eit tomrom. Ho finn stad ein stad. Den arkitektoniske fortolkinga av eit gudsnærvær «her» blir ein del av liturgien. Det pregar gudstenestelivet meir enn vi kanskje er klar over. Arkitekturen kommuniserer gjennom stemningar og føringar som lekamen anar utan at vi tenkjer over det. Samstundes viser avhandlinga at det kan oppstå spenningar og brytningar mellom det gudsnærværet som Ordet og sakramenta formidlar og det gudsnærværet som arkitekturen handsamar.

Avslutningsvis blir det opna for ein teologisk refleksjon kring betydinga av at naturforholdet slik blir kopla til gudsforholdet. Det blir også peika på at det er ei utfordring for teologien at han underkjenner dei gudserfaringane vi gjer oss gjennom å vere lekamleg og sansande til stades ein stad.

Abstract in English

 

Publisert 8. sep. 2014 13:17 - Sist endret 8. sep. 2014 13:19