English version of this page

Interreligiøse studiar og islamsk teologi

Forskargruppa arbeider med forholdet mellom ulike religionar og livssyn, spenninga mellom konflikt og dialog i det fleirreligiøse Norge, og religiøse endringsprosessar i pluralistiske samfunn.

Foto: Morten Uglum /Scanpix

Forskinga vår på feltet inkluderer tekstbaserte så vel som empiriske tilnærmingsmåtar. Relasjonelle perspektiv på religionsstudiet er eit definerande trekk ved tilnærmingsmåten. Forskingsfeltet inkluderer forholdet mellom religion og sekularitet samt relasjonelt orienterte islamstudiar. 

Sjå meir om interreligiøse studiar og islam som fagfelt ved Det teologiske fakultet.

Forskargruppa er ei av fakultetet sine tre fakultære forskargrupper, oppnemnt for perioden 01.07.19-31.06.22. Til bakgrunnen for fakultetets satsing på interreligiøse studiar, sjå horisontdokumentet "Interreligiøse studiar - av religiøs endring, riter og religionsdialog" (2000).

Sjå presentasjon av forskargruppa på engelsk.

Om gruppa

Forskargruppa blir leidd av professor Oddbjørn Leirvik og inkluderer forskarar og stipendiatar som arbeider med tema som kristendom i det pluralistiske samfunnet; islam i Norge; islamsk teologi; moderne islamsk tenking; koranstudiar; kristen-muslimske relasjonar; kristen-buddhistisk dialog; religion og sekularitet; religion, lovgiving og menneskerettar; kjønnsperspektiv på religiøs endring.

Forskingsaktivitet

Sjå oversikt over vitskaplege Publikasjonar i venstremarg-menyen, og oversikt over "Arrangement".

Studieprogram og emne

Interreligiøse relasjonar er ein integrert del av studieprogramma i Religion og samfunn (bachelor og master), masterprogrammet i Religion and Diversity, og av fellesemna for førsteårsstudiet ved fakultetet (for alle program). Sjå fullstendig oversikt over interreligiøse studieemne ved fakultetet.

Forskargruppa støttar opp om masterprogramma Religion and Diversity, Religion og samfunn og Ledelse, etikk og samtalepraksis, samt fakultetet sine kurs for religiøse leiarar (jf. informasjon på engelsk).

Samarbeid

Internasjonalt er fakultetet tilknytta European Society for Intercultural Theology and Interreligious Studies (ESITIS).ESITIS publiserer tidsskriftet Interreligious Studies and Intercultural Theology og var tidligere involvert i tidsskriftet Studies in Interreligious Dialogue.Sjå bibliografi og oversikt over litteratur om interreligiøse studiar og universitet som tilbyr interreligiøse studiar.

Fleire av gruppas medlemmer tok aktivt del i UiO sitt tverraktultære forskingsområde PluRel (Religion i pluralistiske samfunn, 2008-2015). Interreligiøse studiar var også ein integrert del av det tverrfakultære forskingsprogrammet Culcom (Kulturell kompleksitet i det nye Norge (2004-2010) og av NFR-programmet Religion i globaliseringsalderen (2001-2005).

Publisert 16. juli 2010 14:14 - Sist endret 30. sep. 2019 10:27