Oddbjørn Birger Leirvik

Professor - Fagseksjonen
Bilde av Oddbjørn Birger Leirvik
English version of this page
Telefon +47 22850363
Mobiltelefon +47 97173541
Brukernavn
Besøksadresse Blindernveien 9 Domus Theologica 0371 OSLO
Postadresse Postboks 1023 Blindern 0315 OSLO

Faglege interesser

Eg er professor emeritus i interreligiøse studiar og har vore knytt til Det teologiske fakultet sidan 1996, som fast tilsett sidan 2005, og som emeritus frå 2021. Mine forskingsfelt er kristen-muslimske relasjonar; islamstudiar; religionsdialog; interreligøs universitetsteologi; religionskritikk; religionspolitikk.

Sjå fagsider om interreligiøse studiar og islamsk teologi ved TF.

Undervisning

Frå 2015-2018 var eg studiedekan ved Det teologiske fakultet.

Før dette var eg programleiar for masterstudiet (2006-) og bachelorstudiet (2010-) i Religion og samfunn.

Frå 2007 til 2021 har eg vore fagleg ansvarleg for fakultetets interreligiøse etter- og vidareutdanningskurs for religiøse leiarar, og i perioden 2018-2020 medlem av arbeidsgruppa for fakultetet si satsing på utdanning for religiøse leiarar og islamsk teologi.

Jf. oversikt over interreligiøse studieemne ved fakultetet.

Forskingsnettverk

  • Forskargruppa Interreligiøse studiar og islamsk teologi, Det teologiske fakultet - leiar (2010-)
  • Religion i pluralistiske samfunn (PluRel), tverrfakultært forskingsområde ved Universitetet i Oslo - fagleg leiar 2011-2013
  • European Society for Intercultural Theology and Interreligious Studies (ESITIS) - styremedlem 2005-2013, leiar 2011-2013
  • Culcom (2005-2010), Universitetet i Oslo - medlem av den sentrale forskargruppa

Bakgrunn

Eg har tidligare vore prosjektleiar for interreligiøse studiar ved Det teologiske fakultet (2002-2005), stipendiat same stad (1996-2001), prest ved og leiar for dialogsenteret Emmaus (1993-1996), prest i Paulus kirke i Oslo (1984-1993), og studentprest/generalsekretær i Norges Kristelige Studentforbund (1979-1983).

Frå byrjinga av 1990-talet har eg vore engasjert i oppbygging av ulike fora for religionsdialog i Norge. Eg var mellom initiativtakarane til Kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg Råd og Islamsk Råd og var leiar/medlem av gruppa frå starten i 1993 til 2008. Eg var også involvert i utviklinga av dialogsenteret Emmaus (no: Kirkelig dialogsenter) frå byrjinga av 1990-talet og i organiseringa av dei store trus- og livssynsdialogane ved Nansenskolen mellom 1992 og 1997 ("Fellesskapsetikk i et flerkulturelt Norge" og "Religion, livssyn og menneskerettigheter i Norge"). Eg var medlem av styret for Oslokoalisjonen for tros- og livssynsfrihet frå 2000 til 2008.

Verv

  • 2014-: Medlem av Kontaktgruppa for Den norske kyrkja og Human-Etisk Forbund
  • 2011-2013: Medlem av Kontaktgruppa for Den norske kyrkja og Buddhistforbundet
  • 2008-2017: Medlem av redaksjonen for tidsskriftet Kirke og Kultur; vitskapleg redaktør 2010-2017
  • 2011-2013: Fagleg leiar for UiOs tverrfaglege forskingsområde Religion i pluralistiske samfunn (PluRel)
  • 2010-2012: Medlem av det statlege Tros- og livssynspolitisk utvalg
  • 2008-2015: Medlem av Teologisk Nemnd under Mellomkyrkjeleg Råd for Den norske kyrkja
  • 2005-2013: Medlem av styret for European Society for Intercultural Theology and Interreligious Studies; leiar frå 2011
  • 2004-2010: Medlem av den sentrale forskargruppa for Universitetet i Oslos strategiske forskingsprogram Kulturell kompleksitet i det nye Norge (Culcom)
  • 2000-2008: Akademisk representant i styret for Oslokoalisjonen for tros- og livssynsfrihet (Norsk Senter for Menneskerettigheter)
  • 1993-2008: Leiar for/medlem av Kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg Råd og Islamsk Råd Norge (varamedlem 2008-2013)
Emneord: Interreligiøse studier, Systematisk teologi, Islamske studier, Interreligiøse dialog, Humanisme, Hermeneutikk, Moderne religionskritikk, Arabisk
Publisert 3. feb. 2010 16:01 - Sist endret 6. sep. 2021 11:58