Interreligiøse studiar og islamsk teologi

Studiar og forsking på feltet interreligiøse studiar tar for seg forholdet mellom ulike religionar og livssyn, i spenninga mellom konflikt og dialog, og i det vidare perspektivet religion og samfunn. Relasjonelle perspektiv på religionsstudiet er eit definerande trekk ved tilnærmingsmåten, og religiøse endringsprosessar i pluralistiske samfunn ein viktig del av horisonten.

Foto: Morten Uglum /Scanpix

Forholdet mellom religion og sekularitet samt islamrelaterte studiar inngår i feltet. Til bakgrunnen for fakultetets satsing på interreligiøse studiar, sjå horisontdokumentet "Interreligiøse studiar - av religiøs endring, riter og religionsdialog" (2000).

Sjå presentasjon av forskargruppa på engelsk.

Om gruppa

Forskargruppa blir leidd av professor Oddbjørn Leirvik og inkluderer forskarar og stipendiatar som arbeider med tema som islam i Norge; islamsk teologi; moderne islamsk tenking; kristen-muslimske relasjonar; kristen-buddhistisk dialog; religion og sekularitet; religion og menneskerettar; nyreligiøsitet; kjønnsperspektiv på religiøs endring.

Forskingsaktivitet

Sjå oversikt over vitskaplege "Publikasjonar" i venstremarg-menyen, og oversikt over "Arrangement".

Studieprogram og emne

Interreligiøse relasjonar er ein integrert del av studieprogramma i Religion og samfunn (bachelor og master), og av fellesemna for førsteårsstudiet ved fakultetet (for alle program). Sjå fullstendig oversikt over interreligiøse studieemne ved fakultetet.

Samarbeid

Jf. ovanfor om den aktuelle integrasjonen av gruppas arbeid i PluRel. Interreligiøse studiar var også ein integrert del av det tverrfakultære forskingsprogrammet Culcom (2004-2010) og av NFR-programmet Religion i globaliseringsalderen (2001-2005).

Internasjonalt er fakultetet tilknytta European Society for Intercultural Theology and Interreligious Studies (ESITIS). ESITIS publiserer tidsskriftet Studies in Interreligious Dialogue.

Sjå bibliografi og oversikt over universitet som tilbyr interreligiøse studiar.

Publisert 16. juli 2010 14:14 - Sist endret 24. nov. 2016 15:31