Pastoral leiarutvikling (30 stp) 2014-15

Det teologiske fakultet, Diakonhjemmets Høgskole og Det praktisk-teologiske seminar i samarbeid med Fagråd for pastoral leiarutvikling (PF) tilbyr vidareutdanningsemnet Pastoral leiarutvikling (30 stp) 2014-15. Emnet går inn som ein del av den erfaringsbaserte masteren i praktisk teologi – men kan takast uavhengig av om ein er oppteken på mastergraden eller ikkje. Kurset vil òg kunne innpassast i masteren Verdibasert ledelse ved Diakonhjemmets Høgskole.

Kursbeskrivelse

Tema og vinkling

Kurset er retta inn mot kyrkjelydsprestar og vil ha eit særleg fokus på soknepresten si leiarrolle. Kva vil det seie å vere pastoral leiar? Kurset vil ta for seg den pastorale rolleforståinga og korleis ho blir utfalda i praksis med utgangspunkt i prestens pastorale leiingsansvar som strategisk og åndeleg leiar i og av kyrkjelyden. Endringar i Den norske kyrkja gjer at presten si leiarrolle er i utvikling. Kurset vil reflektere inn prosessane kring utviklinga av ei ny kyrkjeordning, og tek opp ulike relevante tilnærmingar innanfor organisasjons- og leiingsfeltet med særleg  fokus på verdiar, endring og leiing i praksis. Refleksjonen over ekklesiologi og presterolle vil, i tillegg til generelle og overordna problemstillingar, òg vere knytt til tolking av kyrkjetenking som ein møter lokalt, til dømes i soknerådssamanheng  (”stadens ekklesiologi”). Ein sentral del i kurset er å gje deltakarane høve til å reflektere over eigen praksis og å utvikle eiga leiaråtferd. Alle i kurset skal arbeide med tre fokusområde for pastoral leiing,  til dømes i samband med gudstenestelivet, forkynninga, soknerådsarbeidet, samarbeidet i staben og med friviljuge.

Kurset omfattar tre delemne: a) Ekklesiologi og pastorallære b) Leiarutvikling c) Organisasjon og leiing.

Periode

Kurset har fire samlingar:

  • 11. - 14. februar 2014: Første samling, Granavolden - program (pdf)
  • 11. - 16. juni 2013: Studiereise til Helsinki - program (pdf)
  • Hausten 2014: Regionale samlingar (3 dagar)
  • 10. - 13. mars 2015: Siste samling (4 dagar)

Omfang

30 studiepoeng, kvart av dei tre emna tel 10 poeng. Til saman 1800 sider litteratur

Kursansvarleg

TF/PTS i samarbeid med Diakonhjemmet Høgskole og Fagråd for pastoral lederutvikling (PF). Fagleg hovudansvarlege er professor ved TF Hallgeir Elstad og professor ved Diakonhjemmets Høgskole, Harald Askeland.

Hva lærer du?

a) Ekklesiologi og pastorallære (10 stp)

Arbeidsformer: Førelesingar, gruppearbeid, litteraturstudium

Læringsmål: Studiet skal gje

  • kjennskap til ulike retningar innanfor ekklesiologisk teologi og pastoralteologi
  • kjennskap til ulike syn på presteembetet og pastoralt leiarskap
  • evne til å reflektere over ekklesiologiske og pastoralteologiske problemstillingar relatert til Den norska kyrkjas organisasjon og korleis ein møter ulik kyrkjetenking i eige lokalmiljø (”stadens ekklesiologi”)
  • evne til å reflektere over eiga teneste som prest i lys av moderne teoriar om leiing, og forventninga til presten som ”strategisk og åndeleg leiar”.

 b) Leiarutvikling  (10 stp)

Arbeidsformer: førelesingar, gruppearbeid, lokalt basert prosjekt/fokusområde, litteraturstudium

Læringsmål: Studiet skal gje

  • evne til å utvikle eiga pastoral leiaråtferd i lokal kontekst
  • evne til å reflektere over relevante yrkesetiske problemstillingar
  • evne til å skaffe seg ny sjølvinnsikt, både gjennom individuelt arbeid og i forpliktande samspel med andre
  • evne til å sjå positivt endringspotensial i eigen personlegdom, samt til å leggje strategiar for endringar.

c) Organisasjon og leiing (10 stp)

Arbeidsformer: førelesingar, casedrøftingar, gruppearbeid, litteraturstudium

Læringsmål: Studiet skal gje

  • kjennskap til ulike teoriar i organisasjons- og leiingfaget og evne til å nytte dei innanfor kyrkja sin organisasjonsstruktur og eigen kvardag som leiar
  • kunnskap om tilhøvet mellom styring og leiing, og vekselverknad mellom eksterne og interne rammevilkår
  • evne til å reflektere kring særlege leiaroppgåver i kyrkja, med vekt på arbeidet med gudstenester og gudstenestefornying,  samspelet mellom rådsvalde, tilsette og friviljuge og kyrkja som ein kunnskapsorganisasjon.

Evaluering

Evaluering skjer på grunnlag av innleverte refleksjonsnotat i samband med kvar av samlingane. Til slutt skriv kursdeltakarane eit essay med temaområde gjevne på førehand. Fullført kurs blir evaluert til stått/ikkje stått.

Opptak

Kurset inngår som et obligatorisk emne i erfaringsbasert Master i praktisk teologi, men kan også tas som et selvstendig kurs. Opptakskrav for emnet er følgelig å være tildelt bachelorgrad i teologi eller tilsvarende samt at man innehar relevant praksis fra kirkelig tjeneste, for eksempel prestetjeneste. Dersom man tar emnet som etterutdanning er det ingen spesielle opptakskrav utenom kirkelig tjeneste.

Forkunnskaper

Ingen utenom de krav som stilles til opptak.

Kort innhaldsskisse

Kurset freistar å gje ei fordjupa forståing av pastoral leiing i eit tid med store strukturelle endringar i Den norske kyrkja. Ulike dimensjonar innanfor leiingsfeltet vil bli tematisert. Gjennom eit lokalt basert prosjektarbeid er føremålet å gje kursdeltakarane høve til å utvikle eiga leiaråtferd under rettleiing

Kurset har fire studieveker. Arbeidsforma i dei felles samlingane vil vere ein kombinasjon av førelesingar, casedrøftingar, gruppearbeid og vegleiing. Ei studieveke er tilrettelagt lokalt med vegleiingsoppfølging. Ei veke vil vere ein ekskursjon til Helsinki, Finland

Døgn pr. deltakar

19

Studieplassar

25

Økonomi og permisjon

Ekskursjonsutgifter i forbindelse med kurset beregnes til ca. kr 40 000,-. Fakultetet tilbyr seg å forskuddere disse utgiften som dekkjer opphald og mat på kursopphalda i tillegg til utanlandsreise. Innanlands reise, litteratur og semesteravgift kjem i tillegg. Ein rår til å søkje arbeidsgjevar om permisjon i 10 veker.

Påmelding

Statsansatte prestar søkjer gjennom Kompetansekartet.

Påmeldingsfrist: 15. september

Prostane som godkjenner søknader må vere merksame på at dei med dette òg seier ja til å ta på seg eit ansvar for å følgje opp kursdeltakarar lokalt. Dette inneber å vere til stades nokre gongar i avtala situasjonar der kursdeltakaren utøver ulike former for leiing, til dømes i samanheng med gudsteneste eller sokneråd, og medverke i drøfting av situasjonane etterpå. Den som søkjer, må gjere prosten merksam på dette.

Av Brynjulv Norheim
Publisert 9. jan. 2014 16:55 - Sist endret 28. nov. 2016 10:16