Birgitte Lerheim

Førsteamanuensis - Fagseksjonen
Bilde av Birgitte Lerheim
English version of this page
Telefon +47 22850385
Mobiltelefon 91795331
Rom M118
Brukernavn
Besøksadresse Domus Theologica
Postadresse Postboks 1023 Blindern 0315 Oslo

Faglege interesser

Strategisk kyrkjeforsking

Samlenemninga  for dei faglege arbeida mine er strategisk kyrkjeforsking  vidt forstått. Det vil seie at eg har ei forskingsmessig tilnærming til kyrkjefeltet som er medviten posisjonert i høve til gjeldande forskingsdiskursar og dei kulturelle og politiske debattane innan kyrkje, religion og samfunn som er knytte til desse. 

Forskingstemaer eg er opptatt av

  • Ungdom og religion
  • Sosiale medier
  • Profesjonsetikk
  • Religionspedagogikk med vekt på læring i kyrkja
  • Digitale medier og læring
  • Ekklesiologi
  • Fadderskap
  • Pilegrim

Teoretiske og metodiske perspektiv

  • Thirdspace
  • Interseksjonalitet
  • Kulturelt minne
  • Kjønn
  • Læringsteori

Fellesskap og relasjonalitet – i kyrkja og elles

Brennpunktet for dei faglege interessene mine er fellesskap og relasjonalitet. Fellesskap og relasjonalitet er fenomen som ikkje kan tenkjast vekk frå det å vere menneske, og med dette heller ikkje frå det å vere kyrkje. I doktorgradsprosjektet mitt arbeidde eg med korleis desse fenomena blir omtala og brukt når kyrkje blir tenkt og gjort. Casestudier av ungdomsteologi, læring i kyrkja, ekklesiologiske fellesskapsdiskursar, digitale moralske fellesskap og nyare kyrkjedanningar innan kristne lekmannsorganisasjonar i Noreg vart drøfta i lys av anna aktuell kyrkjeforsking i interaksjonflatene mellom empiri og teologi. Eg fann at det ofte blir snakka om fellesskap og kyrkje på ein måte som er idealiserande og lite forankra i dei faktiske erfaringane vi har med fellesskap og relasjonalitet. Kyrkjeleg tale om desse fenomenta har med dette ofte eit underskot når det gjeld å snakke, både empirisk og teologisk, om dei mindre greie sidene ved fellesskap og relasjonalitet.

Kyrkjeleg undervisning, fleksibel læring, kyrkjehistorie og pilegrim

Funna eg gjorde gjennom forskingsprosjektet Kyrkjehistorie i trusopplæringa (2009/20010) peika i same retning. Her undersøkte eg korleis historiske tema vart formidla i trusopplæringsreforma sin forsøksfase. Når historiske tema var brukt i læringsaktivitetar, var det i liten grad gjort med eit medvit om konflikter, kjelder og historiekritikk. Snarare var det "fortellingar om fortida" som vart brukt med intensjon om positiv lokal identitetsdanning, og det var overvekt av mellomalderromantikk og lokalhistorie når slike fortellingar vart formidla. Kyrkjelydspedagogar er sjølve minnepolitikarar enten dei veit og vil det eller ikkje, og prosjektet oppfordra til refleksjon over dette. Eg arbeider for tida med eit prosjekt finansiert av Norgesuniversitetet, der TF i samarbeid med Høgskulen i Volda har etablert eit årsttudium i kyrkjeleg undervisning. Målgruppa er tilsette i Den norske kyrkja si trusopplæring. Her får eg vidareført ei mangeårig interesse for læring og digitale medier, og her tar eg saman med Roger Jensen, leiar av pilegrimssenter Oslo, vidare erfaringane frå kyrkjehistorieprosjektet i utforminga av eit studiemne i kristendomshistorie for kyrkjelydspedagogar. Dette er også emne for ein komande forskingspublikasjon vi arbeider med ilag.  Saman arbeider vi også med eit mindre prosjekt om pilegrim og thirdspace.

Å sørgje på internett

I seinare forsking har eg videreført interessen for korleis digitalt medierte fellesskap framstår og kva desse gjer med vår forståing av fellesskap og relasjonar. Eg har mellom anna gjort nokre studier av korleis unge menneske og foreldre utøver sorg gjennom ulike former for sosiale medier. Ungdom minnest avlidne kameratar på Facebook og Instagram, og "engleforeldre" (foreldre som har opplevd foster- eller spedbarnsdød) skriv bloggar og lagar minnesider. Sorg i det offentlege rommet er ikkje noko som plutseleg har dukka opp på grunn av den kommunikasjonsteknologiske utviklinga – fenomenet har ei lang historie (og forskingshistorie). Men sorg har alltid vore eit relasjonelt fenomen. I dag er deler av vår utøving av relasjonar og fellesskap, enten det handlar om sorg eller glede, digitalt mediert. Medieringa gjer noko med måten vi opplever og fortolkar fellesskap og relasjonar på. Med omgrep frå forsking om sosial kapital kan vi kan hende seie at fellesskap i dag går mykje i retning bruer: fellesskap mellom folk og grupper som i utgangspunktet ikkje er så like, medan den tradisjonelle fellesskapsforståinga har gått meir i retning band: fellesskap mellom dei same folka, samstades og samstundes. 

Kva gjer ein fadder?

Seinhaustes 2014 startar eg opp med eit toåring forskingsprosjekt om korleis fadderskap blir praktisert i Den norske kyrkja. I dåpsliturgien blir fadderskapet forstått utelukkande religiøst (det handlar om å be for barnet og lære det å bruke Guds ord og sakramenta – med unntak av ein passasjoe om å vise omsorg som kom inn i siste liturgirevisjon). Samstundes eksisterer det eit stort kompleks av forståingar og praksisar av fadderskapspraksis ved sidan av det strikt religiøse. Dette skal prosjektet studere. Eg leier prosjektet og skal i samband med dette gjere ein "nettnografisk studie" av korleis fadderskap og fadderansvar blir diskutert på sosiale medier. I prosjektet ligg også midlar til et samarbeid med Norsk etnologisk gransking der det blir laga spørjelister om fadderskap, til kvalitative intervju, historiske studier og studier av fadderskap i samisk kontekst.

Undervisning

Aktuelle studieemne

Tidligere studieemne

Bakgrunn

Førsteamanuensis i religionspedagogikk og kirkelig undervisning ved TF fra mars 2013

I mellombels vitskapeleg stilling ved TF (stipendiat, seinare forskar og førsteamanuensis) 2000 - 2012

Tilsett i halv stilling ved IKO – kirkelig pedagogisk senter (www.iko.no) som fagleg leiar og redaktør av det utdanningsvitskaplege tidsskriftet Prismet  og founding editor av den vitskaplege bokserien Prismet bok 2009 - 2013

PhD 2009 med avhandlingen Vedkjenning og gjenkjenning. Refleksjoner i snittpunkta mellom kyrkjetenking og kyrkjepraksis. 

Cand. philol. i kristendomskunnskap 1996 med hovedoppgåva Etikk, embete og einskap. Aktuelle perspektiv på Den norske kyrkja (studentstipend fra Noregs Forskingsråd). Musikkpedagogikk (toårig utanning frå Høgskulen i Volda) og filosofi mellomfag (fordjupning i etikk og religionsfilosofi) som støttefag.

Har tidlegare arbeidd som forskingskonsulent ved TF, undervist tre år i ungdomsskulen og vore prestevikar i Den norske kyrkja.

Verv

Samarbeid

Media

Emneord: Systematisk teologi, Profesjonsetikk, Etikk, Nordisk protestantisme

Publikasjoner

  • Lerheim, Birgitte & Jensen, Roger (2022). The Right to the Road. On Pilgrimage, Media and Churches in a Thirdspace Perspective. I Nord, Ilona & Merle, Kristin (Red.), Mediatiserung Religiöser Kultur. Praktisch-theologische Standortbestiummungen im interdisziplinären Kontext. Evangelische Verlagsanstalt - Wissenschaft. ISSN 978-3-374-05903-4. s. 179–193.
  • Lerheim, Birgitte (2017). Husrom for læring? Ein komparativ romleg analyse av to bibliotek ved Universitetet i Oslo. I Lid, Inger Marie & Wyller, Trygve (Red.), Rom og etikk. Fortellinger om ambivalens. Cappelen Damm Akademisk. ISSN 978-82-02-53500-1. s. 111–128.
  • Lerheim, Birgitte (2017). Omsorg, gåve og nåde? Ei drøfting av Den norske kyrkja sin kommunikasjon til fadrar ved dåp. Skapelsesnåde. Festskrift til Svein Aage Christoffersen. Novus Forlag. ISSN 978-82-7099-880-7. s. 447–466.
  • Lerheim, Birgitte (2016). Trosopplæring for Guds små prinsesser? Teologi, kjønn og læring i bibelbøker for barn. Prismet. ISSN 0032-8847. 67(1), s. 19–34. doi: 10.5617/pri.4519.
  • Lerheim, Birgitte (2013). Englar i cyberspace. Kirke og kultur. ISSN 0023-186X. 2013(1), s. 67–88.
  • Lerheim, Birgitte (2012). Ungdom, tradisjonar og relasjonar. Ei drøfting av interaksjonsflater mellom unge menneske og Den norske kyrkja. I Birkedal, Erling; Hegstad, Harald & Lannem, Turid Skorpe (Red.), Menighetsutvikling i folkekirken : erfaringer og muligheter. IKO-forlaget. ISSN 978-82-8249-071-9.
  • Lerheim, Birgitte (2011). Å sørgje på internett. Kyrkja og dei virtuelle sorgpraksisane. I Simonnes, Asbjørn (Red.), Digital trusopplæring. Tapir Akademisk Forlag. ISSN 978-82-519-2796-3.
  • Simonnes, Asbjørn & Lerheim, Birgitte (2011). Religionspedagogiske utfordringar i møte med trusopplæring på digitale arenaer. I Simonnes, Asbjørn (Red.), Digital trusopplæring. Tapir Akademisk Forlag. ISSN 978-82-519-2796-3. s. 213–233.

Se alle arbeider i Cristin

  • Lerheim, Birgitte (2023). Studying Godparentship as Lived Religion. Some Reflections Regarding Method. .
  • Lerheim, Birgitte (2022). Fadderens ti bud «Du skal /du skal ikke / du må / du må ikke».
  • Lerheim, Birgitte (2022). NRK HELGEMORGEN: HVORDAN SØRGER VI PÅ SOSIALE MEDIER? [Radio]. NRK HELGEMORGEN, TV OG RADIO.
  • Lerheim, Birgitte & Jensen, Roger (2021). Samtale om Luther og reformasjonen, 500 år etter at Luther ble lyst i bann og erklært fredløs, m. Luther-forsker og sokneprest Roger Jensen og førsteamanuensis Birgitte Lerheim.
  • Lerheim, Birgitte (2021). Research and stakeholder responses and discussion: Digital or hybrid funerals - a worship service or a commercial product? .
  • Maasø, Arnt; Brevik, Lisbeth M.; Vasbø, Kristin Beate; Breivik, Jarle; Lerheim, Birgitte & Malthe-Sørenssen, Anders [Vis alle 7 forfattere av denne artikkelen] (2021). Dette må bli læringsmiljøets år. Khrono.no. ISSN 1894-8995.
  • Lerheim, Birgitte & Vigsnæs, Maria Knoph (2020). Intervju om auka søkartal til teologiprogrammet. [TV]. NRK NYHETER, TV OG RADIO.
  • Lerheim, Birgitte (2020). Språking og andre fæle greier. Sulaposten.
  • Lerheim, Birgitte (2020). Når verdiane skuggar for saka. Sunnmørsposten. ISSN 1503-9056. s. 16–17.
  • Lerheim, Birgitte & Gilje, Caroline Teinum (2020). – Lokal praksis kan bidra til teologisk endring. [Avis]. Avisen Vårt LAnd.
  • Lerheim, Birgitte & Aksøy, Helene (2019). Helsepersonell i møte med sjukdom, sorg og krise på sosiale medier. Tidsskrift for kreftsykepleiere. s. 30–38.
  • Lerheim, Birgitte (2019). Norsk klædebunad. Sulaposten.
  • Lerheim, Birgitte (2019). Kattar eg har kjent. Sulaposten.
  • Lerheim, Birgitte; Federici, Hedda & Fjermeros, Christian (2019). — Før eller senere må de ta stilling til hvem som er velkommen i fellesskapet. [Internett]. journalen.hioa.no.
  • Lerheim, Birgitte & Dahl Bakken, Jenny (2019). Holocaust-minnesteiner ble malt over rett ved synagogen. [Avis]. Vårt Land.
  • Lerheim, Birgitte & Vidnes, Aksel Kjær (2019). Skal vi la døde mennesker ligge, eller skal vi forske på dem? [Fagblad]. Forskerforum.
  • Lerheim, Birgitte (2019). Presentations of results from field research in Norway, PANHERA project.
  • Lerheim, Birgitte (2018). Digital evangelisering på frammarsj. [Avis]. Vårt land.
  • Lerheim, Birgitte & Larsen, Dag Eivind Undheim (2018). Refser historieløshet. [Avis]. Klassekampen.
  • Lerheim, Birgitte & Jensen, Roger (2018). Med skriften som målestokk. Avisa Vårt land.
  • Lerheim, Birgitte & Jensen, Roger (2018). Fundament for åpenhet. Avisa Vårt land.
  • Lerheim, Birgitte & Jensen, Roger (2018). Problematiske fortellinger om fortiden i Vårt Lands sommerserie. Avisa Vårt land.
  • Lerheim, Birgitte (2018). Preike på feministisk messe: Arvegods på godt og vondt.
  • Elise, Kruse & Lerheim, Birgitte (2018). Praktiserer og misjonerer via skjerm . [Avis]. Vårt Land.
  • Lerheim, Birgitte (2018). Sharing religious spaces: Thirdspace perspectives on contemporary pilgrimage .
  • Lerheim, Birgitte (2018). The Godparent project Some central findings and theological reflections .
  • Lerheim, Birgitte (2018). Vart du skræmt, no? Sulaposten.
  • Lerheim, Birgitte (2018). Å, eg minnest. Sulaposten.
  • Lerheim, Birgitte (2018). Here comes the sun. Sulaposten.
  • Lerheim, Birgitte & Bjørn, Gabrielsen (2018). På nattbordet: Birgitte Lerheim. [Avis]. Dagens Næringsliv.
  • Lerheim, Birgitte (2018). Kva er føremålet med Mentor Medier? Avisa Vårt land.
  • Lerheim, Birgitte & Schwenke, Morten (2018). Avviser ­fryktkultur. [Avis]. Vårt Land.
  • Karianne, Grindem & Lerheim, Birgitte (2018). Kristent opprør: Verner om Vårt Land-redaktøren. [Avis]. Dagens Næringsliv.
  • Lerheim, Birgitte (2018). Nettverk på gale og godt. Sulaposten.
  • Lerheim, Birgitte (2018). Sosiale medier i sykdom, krise og sorg.
  • Lerheim, Birgitte & Kjell, Kvamme (2018). Denne likkisten lager du selv. [Avis]. Avisen Vårt LAnd.
  • Lerheim, Birgitte (2017). Husrom for læring? Ein romleg analyse av læringsrom ved UiO. Opningsførelesning for haustsemestret ved TF 2018.
  • Lerheim, Birgitte (2017). Omsorg, gåve og nåde. Om Den norske kyrkja sin kommunikasjon til dåpsfadrar.
  • Lerheim, Birgitte (2017). Opningsførelesing TF hausten 2017: Husrom for læring? Ein romleg analyse av læringsrom ved UiO.
  • Lerheim, Birgitte (2017). Kva er ei gåve? Sulaposten. 2018(47).
  • Lerheim, Birgitte (2017). …le av banesår og springe over grave? Om Halloween, Allehelgensdag og å tale døden midt imot. Sulaposten.
  • Lerheim, Birgitte (2017). Sorg og sosiale medier.
  • Lerheim, Birgitte (2017). Reformasjon og feministteologi.
  • Lerheim, Birgitte (2017). Omsorg og nærvær - forskning på fadderrollen. [Fagblad]. Dåpsløftet. Inspirasjon til arbeidet med dåp (utgitt av Dnk).
  • Lerheim, Birgitte (2017). Moderator ved panelsamtale om "Skogen og erfaringer av det hellige".
  • Lerheim, Birgitte (2017). Ekklesiologiske perspektiv på høyringsutkastet til ny trus- og livssynslovgjeving.
  • Lerheim, Birgitte (2017). Reformasjon og feministisk teologi.
  • Lerheim, Birgitte (2017). Pilegrim på Orknøyane før og no. Kirkjuvágs helgan dóm in heilaga Magnúss jarls. Pilegrim i dag. ISSN 1892-9982. 1(17), s. 4–8.
  • Lerheim, Birgitte (2017). The role of Netnography in a multi-method research project on godparentship in Norway .
  • Lerheim, Birgitte (2017). Reformasjon og feminstisk teologi.
  • Lerheim, Birgitte (2017). Langevåg Røde Kors. Folkehelse, fellesskap og friviljugheit gjennom 90 år-. Sulaposten. s. 20–21.
  • Lerheim, Birgitte & Jensen, Roger (2016). Tro. Håp. Kjærlighet: Nådeløse og nådefulle rom – før og nå. I 2017 markerer lutherske kirker verden over at det er 500 år siden tesene i Wittenberg. Teseoppslaget var med å starte en religiøs revolusjon. Men er Luthers spørsmål våre spørsmål? Og hva kjennetegner det å være «luthersk» idag? Og er det noe ved «det lutherske» som kan hjelpe kirken til å være et nådefullt rom for ungdom i dag?
  • Lerheim, Birgitte (2016). Blogginnlegg i TFs reformasjonsblogg: Luther, leiker og læring. Mellom historie og kollektivt minne i populær barne- og ungdomskultur http://www.tf.uio.no/om/reformasjonsjubileet/reformasjonsbloggen/luther-leiker-og-lering.html.
  • Lerheim, Birgitte & Jensen, Roger (2016). Innlegg i TFs reformasjonsblogg: Reformasjonsdag, Allehelgensdag og Halloween http://www.tf.uio.no/om/reformasjonsjubileet/reformasjonsbloggen/reformasjonsdag-allehelgensdag-halloween.html.
  • Lerheim, Birgitte (2016). Angels in Cyberspace.
  • Lerheim, Birgitte (2016). Læreplanarbeid og profesjonsskvis i Den norske kyrkja sitt trusopplæringsarbeid.
  • Lerheim, Birgitte & Jensen, Roger (2016). Doing church history with confirmands. Why and how.
  • Lerheim, Birgitte & Eidberg, Mathias Henrik (2015). Skrekk og Gud? Et intervju om Halloween. [Internett]. TF, UiOs nettsider.
  • Lerheim, Birgitte & Vestre, Trond (2015). - Kan bli ordinert i eit anna bispedømme. [Internett]. NRKS NETTSIDER.
  • Lerheim, Birgitte (2015). Å arbeide med Bibelen i kyrkjelege læringspraksisar med barn og unge.
  • Lerheim, Birgitte & Swang, Espen Irwing (2015). Fremmed for oss med sorg på internett? [Internett]. http://www.tek.no/artikler/fremmed-for-oss-med-sorg-pa-inter.
  • Lerheim, Birgitte & Jensen, Roger (2015). Praciticing godparentship in the Church of Norway.
  • Guttormsen, Arne & Lerheim, Birgitte (2015). Nettveggen er blitt klagemur. Intervju i Vårt Land om sorg og sosiale medier. [Avis]. Vårt Land.
  • Lerheim, Birgitte (2015). Intervju om sorg og sosiale medier, NRK P2 Nyhetslunsj. [Radio]. NRK P2.
  • Lerheim, Birgitte & Jensen, Roger (2014). Bokanmeldelse: Kristen tro – oppdatert Nyhus, Kjell Arnold og Nyhus, Ole Jacob. 2013. Kristen tro – oppdatert. Kom forlag. 222 sider. . Prismet. ISSN 0032-8847.
  • Lerheim, Birgitte (2014). Bokmelding: Barnetro og trosopplæring: Festskrift til Egil Sjaastad på 65-årsdagen. Prismet. ISSN 0032-8847.
  • Lerheim, Birgitte & Kartzow, Marianne Bjelland (2014). Jeg åpner min bibel, der står: Vær rosa! Vårt land. ISSN 0805-5424.
  • Lerheim, Birgitte & Jensen, Roger (2014). DOING CHURCH HISTORY WITH CONFIRMANDS (AND CER WORKERS). WHY AND HOW?
  • Lerheim, Birgitte & Jensen, Roger (2014). Pilgrim Thirdspaces?
  • Lerheim, Birgitte (2014). Identitet og kristendom. Foredrag.
  • Lerheim, Birgitte (2014). Trosopplæring for voksne?
  • Lerheim, Birgitte (2013). Innslag om grunnlovsjubileet 2014.
  • Lerheim, Birgitte (2013). Youth Grieving Online. A Case Study Followed by Ethical Reflection.
  • Lerheim, Birgitte (2013). Sosiale medier i sorg og krise. Foredrag for kreftsykepleiere i Vestfold.
  • Lerheim, Birgitte (2013). Reformasjonen og trusopplæringa. Refleksjonar etter ein studietur til Wittenberg. Prismet. ISSN 0032-8847. 2013(4).
  • Lerheim, Birgitte (2013). Endringar i skulen sitt religionsfag. Prismet. ISSN 0032-8847. 2013(3).
  • Lerheim, Birgitte (2013). Markering eller feiring? Prismet. ISSN 0032-8847. 2013(4).
  • Lerheim, Birgitte (2013). Hurra for deg! Presentasjon av Prismet-utgåve i høve prof. Sverre Dag Mogstads 65 års-dag. Prismet. ISSN 0032-8847. 2013(2).
  • Lerheim, Birgitte (2011). Når sorgen blir offentlig. Om sorg på nettet etter 22. juli.
  • Lerheim, Birgitte (2011). Ung i kyrkja 2010. Korleis nyttar unge vaksne mellom 18 og 30 kyrkja?
  • Lerheim, Birgitte (2011). Nettet på godt og gale: Refleksjonar etter 22 juli. Dag og Tid. ISSN 0803-334X. 50.
  • Lerheim, Birgitte (2011). Grøn kyrkje - ein ny slags pietisme? Bokanmeldelse av: Saving nature : religion as environmentalism, environmentalism as religion / Tarjei Rønnow. Prismet. ISSN 0032-8847. 62(3).
  • Lerheim, Birgitte (2011). "Dine synder er tilgitt. Klemz Gud". [Internett]. http://www.forskning.no/artikler/2011/mars/284218.
  • Lerheim, Birgitte (2021). PANHERA (Pilgrim Accommodation and New Host Expertise in Rural Areas) FIELD REPORT. Erasmus+, PANHERA PROJECT.
  • Lerheim, Birgitte (2011). Rapport: Loggføringsverktøy for kompetansekartlegger for kirkelig undervisning. IKO - Kirkelig pedagogisk senter.

Se alle arbeider i Cristin

Publisert 3. feb. 2010 16:22 - Sist endret 10. nov. 2020 11:53

Prosjekter