Bakgrunn
Eg er fødd i Vestvågøy i 1964. Cand. theol. frå Universitetet i Oslo 1990, dr. theol. same stad 1998. Sidan 1992 tilsett ved Det teologiske fakultetet som stipendiat, amanuensisvikar, førstelektor og førsteamanuensis. Professor i norsk kyrkjehistorie sidan 2009.
Rektor ved Kirkelig utdanningssenter i nord (KUN), Tromsø 2004-05 og professor II ved Institutt for historie og religionsvitskap ved Universitetet i Tromsø 2011-14. Prodekan ved TF 2012-18 (studiedekan 2012-14, forskingsdekan 2015-18), forskingsdekan 01.07.-31.12.2022. Medredaktør av Teologisk Tidsskrift frå 2015.
Doktoravhandling: "...en Kraft og et Salt i Menigheden..." Ein studie av dei såkalla "johnsonske prestane" i siste halvpart av 1800-talet i Noreg (1997). Avhandlinga er publisert på UniPub i 2000.
Faglege interesser
Har i hovudsak arbeidd med nyare norsk kyrkjehistorie. Kompetansen ligg vesentleg innanfor det 19. og 20. hundreåret.
Undervisning
Underviser mellom anna på desse emna:
TEOL4004 Historiske perspektiv på nordisk protestantisme
TFF1001 Kristendommen - en historisk innføring
TFF3001 Humanisme, sekularitet og religion
DIAK1001 Diakoni i teologisk, etisk og historisk lys
LES4200 Religiøst og livssynsbasert lederskap i en norsk kontekst
Anna
Eg er ordinert prest i Den norske kyrkja (1990), har vore feltprest og er vikarprest.
Artikkel på Wikipedia