Nordisk gjestfridom: Korleis møter vi migrantar?

Nokon vil sende flyktningar rett heim, andre ynskjer dei velkommen. Forskarar har undersøkt kva som skjer når flykningar møtast med opne armar. Funna utfordrar oppfatninga av gjestfridom.

grenseovergang Sør-Varanger

Meir enn 5.000 flyktningar kom over den russiske grensa ved Sør-Varanger i Finnmark i 2015 og 2016. Erfaringane hjelparane gjorde seg utfordrar oppfatninga av gjestfridom. Foto: Kaia Rønsdal

2015 og 2016 var år med veldige flyktningstraumar til Europa. Debattane var heftige. I eine ytterkanten stod høgrepopulistar som ville verne norske, kristne verdiar, i den andre stod frivillige som tok imot flyktningane med mat, klede og opne armar.

Ei forskargruppe ønskte å sjå nærmare på måten flyktningane vart møtte på. Eitt av resultata er boka «Contemporary Christian-Cultural Values. Migration Encounters in the Nordic Region», med kapittel frå ulike forskarar. Der stillast det mellom anna spørsmål ved kva verdiar som kjem til syne i møte med immigrasjon.

– Nokon ønskjer ikkje immigrasjon i det heile tatt. Andre strekkjer seg langt for å hjelpe. Vi spør mellom anna om kva verdiar som ligg til grunn for dei ulike posisjonane, seier Kaia Rønsdal, forskar ved Teologisk fakultet, Universitetet i Oslo.

Ho er redaktør for boka saman med den svenske forskaren Cecilia Nahnfeldt.

Refleksar til Russland

Bildet kan inneholde: halskjede, hår, ansikt, frisyre, hake.
Gjestfridom kan ikkje vere å gje pengar eller klede, ifølgje Kaia Rønsdal.
–Gjestfridom handlar også om å la seg sleppe inn i noko større, og at vi tar imot relasjonen som vi får tilbod om, seier ho.

Forskarane har teke del i prosjektet NordHost (Nordic Hospitalities in a Context of Migration and Refugee Crisis), ei stor, tverrfagleg forskargruppe. I boka diskuterast ulike diskursar og praksisar på immigrasjonsfeltet.

Rønsdal har sjølv gjort forsking mellom anna i Sør-Varanger i Finnmark. Hit kom det meir enn 5.000 flyktningar over den russiske grensa i 2015 og 2016. Om vinteren kunne temperaturen kome ned i tretti kuldegrader, og det var mørkt. Lokale reiste over til Russland med refleksar, varme klede og vatn. Dei kunne ikkje ta med folk i bilen.

– I Finnmark reiser mange til Russland for å handle eller fylle drivstoff. På vegen hjelpte ein del av desse slik dei kunne, så flyktningane skulle vere så trygge som mogleg, mot kulda og trafikken, seier Rønsdal.

Etter kvart kom flyktningane til Sør-Varanger. Då vart dei innlosjerte i idrettshallen. Andre budde på det lokale flyktningmottaket.

Vart inviterte til venskap

Då Rønsdal snakka med nokon av hjelparane, var eitt av temaa den historia folk i området hadde med å ta imot flyktningar. Mellom anna hadde dei gjort dette under den finske borgarkrigen og krigen på Balkan. Dei undra seg over om gjestfridom kunne vere ein del av kulturen deira.  

Hjelparane fortalde også om korleis dei opplevde møta med flyktningane.

– Flyktningar som nettopp hadde kome til Sør-Varanger, hadde ikkje med seg mykje. Likevel opplevde dei eg snakka med at gjestfridomen kom med flyktningane. Nordmennene følte at dei sjølve vart ønska velkomne, til ein venskap, ein relasjon, seier Rønsdal.  

Ho meiner at dette utfordrar oppfatninga av gjestfridom. I utgangspunktet ser ho på  omgrepet som problematisk fordi det signaliserer to ting: at det er snakk om eit midlertidig besøk, og at den eine parten er gjest medan den andre er vert. Då har verten makta, medan gjesten bør vere takksam. Dette er ikkje nødvendigvis typisk i mottakinga av flyktningar, meiner ho.

– For nokon handlar gjestfridom om å vere open for den andre. Ingen skal få noko, ingen skal vere takksam, ingenting er på lånt tid. Dette ser vi i mange av velkomstpraksisane: Kven som er vert og kven som er gjest er ikkje avgjort ein gong for alle. Vi deler på desse rollene når vi møter andre menneske.

Opna kyrkjerommet

Saman med den svenske forskaren Cecilia Nahnfeldt utforskar Rønsdal denne gjestfridomen i eit av bokkapitla. Den handlar altså ikkje om å forsøke å få andre til å bli som ein sjølv.

– Dei som tar imot, inkluderer flyktningane som menneske, slik dei er.

I det same kapittelet omtalast også Bergsjön kyrkjelyd utanfor Göteborg, der Rønsdal og kollegaer har vore fleire gonger. Kyrkjelyden fann for ein del år sidan ut at demografien, både i medlemsmassen og blant dei tilsette, var endra. Majoriteten var ikkje lenger kvite svenskar. Dei fleste var immigrantar frå heile verda.

Dei spurte seg korleis dei då kunne vere kyrkje og fann ut at dei måtte gjere kyrkjerommet tilgjengeleg for andre folk og praksisar enn tidlegare.

– Eitt av tiltaka var å opne kyrkja for ei sekulær stifting. Saman gjer dei kvar onsdag kveld kyrkja om til helseinstitusjon for papirlause immigrantar, fortel Rønsdal.

Helsehjelp, klede og mat

Frivillige profesjonelle, som sjukepleiarar, legar, tannlegar, psykiatrar og tolkar flyttar inn i kyrkjas rom for å ta imot pasientar. Klede og mat blir delt ut, det er leikerom for barna og kafé. På éin kveld kan det komme hundrevis frå heile Sør-Sverige, forklarer ho.

– I Bergsjön ser dei slike aktivitetar som ei stadfesting på kva kyrkja, og kyrkja sine verdiar, er.

Teologen Trygve Wyller har tidlegare skrive at kyrkja her set seg sjølv til side og slik opnar seg for at andre menneske og ting kan fylle ho.

– Dét er også ein måte å vere kyrkje på, sjølv om dei som fyller ho, kanskje kjem med andre religionar og livssyn, seier Rønsdal.

NordHost:

  • Tverrfagleg forskargruppe under UiO:Norden, ei av tre hovudsatsingar ved Universitetet i Oslo 
  • Forskar på nordiske former for gjestfridom i møte med migrasjon
  • Deltakarar frå Humanistisk fakultet, Samfunnsvitenskapelig fakultet, Juridisk fakultet og Teologiske fakultet, samt Svenska kyrkans forskningsenhet.
  • Har i tillegg forskarar frå andre nordiske og europeiske universitet.  

Fellesskap, deling og rettferd

Høgrepopulistar har hevda at norske, kristne verdiar er under press. Desse tendensane blir nemnde i NordHosts første bok, Contested Hospitalities in a Time of Migration: Religious and Secular Counterspaces in the Nordic Region.  

– Individuell fridom og individets rettar blir knytte til Vesten og kristen kulturarv, medan immigrantar blir sett på som trugande. Mange høgrepopulistar fryktar at våre verdiar forsvinn viss vi opnar for andre religiøse og kulturelle praksisar. 

Rønsdal og Nahnfeldt utforskar i sitt kapittel om menneske – gjennom å engasjere seg i velkomstpraksisar – gjer motstand mot rasisme og innvandringsfiendskap.

– Nokon motiverast av at dei vil handle i tråd med eigne verdiar og imot dei som ropar at desse verdiane trugast, seier Rønsdal.

Både argument og motargument

I boka skriv forskarar ut frå ulike ståstader. Nokon har forska på diskursane om velkomstpraksisane eller prinsippa dei byggjer på. Andre har intervjua dei som tar imot. Frå  dei ulike posisjonane kjem mellom anna verdiar som fellesskap, deling og rettferd opp som viktige for velkomsten av flyktningar, anten det skjer i religiøs samanheng eller ikkje.

– Det paradoksale med verdiar, er det ofte er dei same som brukast som argument og motargument. Medan nokon fryktar at tradisjonelle kristne fellesskap trugast, viser eksempelet frå Bergsjön at kristen tru også kan spele ei viktig rolle i velkomstpraksisane, seier Rønsdal og legg til:  

– Det å romme andre som dei er, uansett om dei har andre religionar, er også ei utgåve av kristen tru. Dette delast sjølvsagt av mange ikkje-religiøse eller folk med andre livssyn, òg.

Boka har bidrag frå filosofen Bernhard Waldenfels, den tysk-svenske teologen Werner Jeanrond (no professor ved UiO) og den sør-afrikanske religionssosiologen Federico Settler, i tillegg til nordiske forskarar frå NordHost.

Av Silje Pileberg
Publisert 27. mai 2021 13:05 - Sist endret 27. mai 2021 13:31