– Vi må kunne sjå oss sjølve i spegelen når dette er over

Koronaviruset kan skape katastrofar i flyktningleirar. Her heime har papirlause avgrensa tilgang på helsehjelp. Teologiprofessor Werner G. Jeanrond meiner Noreg må ta ansvar. 

demonstrasjon London 2015

Moria på øya Lesvos er ein overfylt flyktningleir med elendige sanitærforhold og særs dårleg helsetilbod. Skulle koronasmitta nå leiren vil det bli ei katastrofe. Foto: Armin Durgut / Pixell / Pa Photos / NTB scanpix 

– Noreg kan ikkje ta imot alle flyktningar frå Hellas. Men vi kan hjelpe til slik at dei blir fordelte mellom land på ein rettferdig måte, seier teologiprofessor Werner G. Jeanrond ved Universitetet i Oslo.

I den greske flyktningleiren Moria bur det rett under 20.000 menneske. Han var meint for 3.000. I åsen like ovanfor er rundt 12.000 nye flyktningar i ferd med å etablere seg, ifølgje NRK.

Det meldast om ingen elektrisitet, lite vatn, mangel på såpe og antibakterielle midlar.

– Skal vi berre gløyme dei og la dei døy? Eller skal vi gruppere dei og sende dei til land som kan ta imot? Noreg har plass. Framfor alt i utsette tider må vi ikkje gløyme dei svake, meiner Jeanrond.

Håp og kjærleik heng saman

I boka «Reasons to Hope» skriv han om korleis håpet kan binde menneske saman. Han har tidlegare gitt ut boka «A Theology of Love» og ønskjer å vise at håpet byggjer på kjærleiken. 

– Håpet inkluderer alltid andre. Det handlar om relasjonar til andre menneske og heile skapnaden. Ingen menneske kan leve utan håp, og ingen menneske kan håpe berre for seg sjølve.

Derfor kan ikkje vi i Noreg tenkje at vi berre skal redde oss sjølve, meiner han.

– Akkurat no har vi kanskje nok med våre eigne problem?

Bilde av forsiden, Reasons to Hope
Reasons to Hope, utgjeven av T&T Clark - Bloomsbury

– Men vi kan ikkje overleve åleine. Noreg kan ikkje produsere all mat og alle reiskapar som vi treng. Vi er del av ein og same verd, og den må vi også ta ansvar for, seier Jeanrond.

Den kristne kjærleiksbodskapen omfattar alle menneske, ikkje berre oss sjølve og våre næraste, legg han til.

– Det finst ingen grenser for medmenneskeleg ansvar.

Ein populistisk illusjon

Ifølgje Jeanrond gjev populismen ein illusjon av at vi kan leve eit liv utan andre menneske.

– Populismen skil mellom dei som høyrer til og dei som ikkje gjer det. Dette pregar også strukturane i samfunnet. Det er «vi» og «dei», som ekte nordmenn og nye nordmenn, eller katolikkar og protestantar.

Brexit er eit anna eksempel, ifølgje Jeanrond. Då Storbritannia trekte seg ut av EU, budde han sjølv i landet og engasjerte seg sterkt imot politisk. I botnen låg eit djupt engasjement.

– Eg ser på EU som eit nødvendig eksperiment. Europa må vise verda at det går an å leve saman, med alt vårt mangfald. Slik kan Europa bli eit symbol for håp. Eg meiner at Brexit går imot håpet om ei felles framtid.

Foto av Werner Jeanrond
-Eg ser på EU som eit nødvendig eksperiment. Vi må vise verda at det går an å leve saman, meiner Werner G. Jeanrond. Foto: Mathias H. Eidberg TF/UiO

Håplaus situasjon for papirlause

Når eit virus rammar verda på den måten som korona har gjort, meiner Jeanrond at land må arbeide saman. Han rosar tyske og franske styresmakter som har starta eit samarbeid i kampen mot viruset og behandlar kvarandre sine intensivpasientar.

I denne situasjonen må også Noreg tenkje utanfor sine eigne grenser, meiner han.

– Noreg kan ikkje redde heile verda, men vi kan vere med i ei verd der vi har ansvar for kvarandre.

I tillegg til å bidra i flyktningkrisa, må styresmaktene også hugse dei papirlause som bur her allereie, meiner han. Papirlause migrantar opplever ein livssituasjon med svært avgrensa helsehjelp, ifølgje ein studie ved Oslo Met i 2019. 

– I framtida, når dette er over, må vi kunne sjå oss sjølve i spegelen. Og det kan vi ikkje gjere viss vi berre har redda oss sjølve på ein slags Noas ark.

Alle kan bidra

Det er likevel ikkje berre styresmaktene som har eit ansvar i denne situasjonen, meiner Jeanrond. Han oppmodar kvar og ein til å gjere det ein kan for å dele med andre.

Mange er utsette: eldre, einsame, menneske i vanskelege relasjonar, fattige. 

– Det krev fantasi å finne ut korleis vi kan hjelpe andre når vi ikkje kan møte dei fysisk. Kan vi ringe nokon? Skrive brev? Hjelpe til med innkjøp? Det finst eit tusental saker vi kan gjere, vi treng ikkje berre sitje heime og håpe at dette går over, seier Jeanrond og legg til:

– Vi lever i ei felles verd. Om vi berre lykkast i å verne oss sjølve, har vi inga verd å leve med lenger.

Av Silje Pileberg
Publisert 27. mars 2020 12:12 - Sist endret 27. mars 2020 12:12