Den skjulte norske kyrkjeskatten

I store og små norske kyrkjer heng 170 ukjende kunstverk, til minne om folk som ønskte å bli hugsa. No blir måleria løfta fram av ei gruppe forskarar.

utsnitt av epitafium

Utsnitt av epitafium som antageligvis viser Enevold eller Torbiørn Skaktavl med familie. Antatt kunstner er Didrik Nielsson Muus. Lite er kjent om dette epitafiet, som i dag er en del av Norsk Folkemuseums kirkekunstsamling. Foto: Norsk Folkemuseum 

Besøker du Stavanger domkirke eller Mariakirken i Bergen blir du raskt vitne til eit stykke ukjent norsk historie. Her heng dei såkalla epitafia tett: minnetavler over menneske som ville sikre seg eit godt ettermæle.

- Mange ønskjer å bli hugsa etter sin død, anten av sine barn og barnebarn eller fordi ein har gjort noko viktig i livet. Kanskje har ein hatt ei viktig offentleg rolle eller starta ei bedrift som kan gå i arv til andre, seier Tarald Rasmussen, professor i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo.

Frå 1500-talet til 1700-talet var kyrkja kanskje den luraste staden å offentleggjere minnet om seg sjølv. Dei fleste gjekk hit, og her fekk folk med seg det dei burde vite. Hadde du ei minnetavle på veggen, vart du hugsa.

Forsiden til boken "Å minnes de døde".
Å Minnes de døde, utgitt på Cappelen Damm.

-Mange av desse epitafia har blitt tatt svært godt vare på. Dei er ei interessant kjelde både til kulturhistorisk og sosialhistorisk forsking, seier Rasmussen, som har skrive boka «Å minnes de døde» saman med kyrkjehistorikar Eivor Oftestad, kulturhistorikar Arne Bugge Amundsen og kunsthistorikar Kristin B. Aavitsland.

Sjelemesser var «ut»

Etter reformasjonen på 1500-talet var det ut med dei katolske skikkane og inn med lutheranismen. Til no hadde rikfolk sikra seg hjelp etter døden av prestar som las sjelemesser for dei på dødsdagen deira: Prestane las messer for tomme kyrkjer i kanskje 50 eller 100 år etter at dei var døde, slik at dei skulle kome lettare igjennom skjærselden.

Med Martin Luther vart skjærselden avfeia som oppspinn, og å testamentere pengar til sjelemesser ga ikkje meining lenger. Ein fjerna helgenbilete og ommøblerte kyrkjene slik at dei ikkje lenger var bygde for slike messer.

No gjaldt det i staden å døy med rett tru og å minnast dei døde som førebilete i trua. Skikken med epitafiar vart langt meir vanleg, og det same vart likpreiker. Dette var taler som presten heldt om dei døde, og som ofte også vart trykte opp og spreidde blant familie og venner.

Forskarane har i eit prosjekt samla inn og digitalisert norske likpreiker og epitafiar i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.

Bestilte i god tid

- Boka er rikt illustrert med epitafiar. I Noreg har vi bortimot 170 slike i dag, mange av dei er i små lokale kyrkjer på Vestlandet, Austlandet og Sørlandet, seier Rasmussen.

Epitafia finst i mange storleikar og variantar. Nokre har tekst og måleri, andre er berre måleri eller berre tekst. Tekstane kunne vere bibelvers eller eit sitat frå antikkens litteratur som sa noko om korleis ein skulle minnast den døde. Det stod ofte også nokre fakta som årstal for fødsel og død, og kvar dei hadde jobba.   

Portrettfoto av Tarald Rasmussen.
Tarald Rasmussen er professor i kyrkjehistorie ved Det teologiske fakultet, og redaktør for boka "Å minnes de døde". Foto: Alexander Tufte Wetherilt 

- Det var dei som hadde råd til å betale og som hadde ei høg stilling i samfunnet, som fekk laga epitafiar av seg. Ofte bestilte dei dette av kunstnarar lenge før dei døydde, forklarer Rasmussen.

Til dømes bestilte Christen Staphensøn Bang, sokneprest i Romedal, eit stort, fint epitafium av seg sjølv og kona då dei var rundt 40 år. Åra dei vart fødde er måla inn, men ingen tok seg bryet med å måle inn årstala då dei døydde, 40-50 år etter.

Epitafiet heng framleis i Romedal kyrkje, sjølv om dei to flytta til Oslo i ettertid.

Familien var ein heilag stand

Ved å studere likpreiker og epitafiar har Rasmussen og kollegaer fått eit innblikk i menn, kvinner og born sine roller i samfunnet, og også i familielivet på 1600-talet.

Epitafiar frå dette hundreåret viser gjerne heile prestefamiliar. Etter reformasjonen var det ikkje lenger nødvendig å vere nonne eller munk for å vere heilag, no vart heile familien ein heilag stand. På nokre av epitafia er prestefrua den mest synlege, og ved sida henne er det to eller tre menn.

- Særleg på 1600-talet var det vanleg at presteenker overtok neste prest i kyrkjelyden. Først fekk ho eit år åleine på garden, så kom ein ny prest til og levde saman med henne og barna. Det var enklast slik. Nokre stader kan ein sjå at prestefrua er mest synleg og at mannen hennar står litt bak henne, følgt av den døde mannen lenger bak.

Prestefruene var viktige damer.

- Dei residerte på prestegarden og tok del i ansvaret for opplæring av born. Prestegarden var ein sosial stad der prestefrua var sjef. Dei kom ofte frå velståande familiar og var gjerne like viktige som presten sjølv.

Også born var avbilda. Mange døydde tidleg og fekk då eit svart kors over seg.

Lutheranismen var ikkje berre ord

bilde av epitafium
Dette epitafiet fra 1636 viser Christen Stephensøn Bang og hans kone Helene Hansdaatter. Bang var sogneprest i Romedal kirke i Stange, hvor epitafiet også henger. Epitafiet er utformet av Johan Reinholdt. Foto: Anno, Domkirkeodden

Ifølgje Tarald Rasmussen er det to grunnar til at arbeidet han og kollegaene har gjort er viktig: For det første er tida etter reformasjonen underutforska i norsk historie. For det andre viser arbeidet at den lutherske tradisjonen ikkje berre handlar om ord.

- Lutheranismen har ofte blitt framstilt som ei historie med ordet i sentrum: Ein skulle studere, snakke, skrive og forkynne. Presten skulle forkynne den sanne lære og resten skulle sitje og ta imot. Ein har tolka lutheranismen ut ifrå tekstar og bøker.  

Men denne religiøse retninga har vore mykje meir enn det, påpeikar han.

- Det har vore salmesong og musikk, og også iscenesetjing av rommet gjennom epitafiar. Desse har blitt overraskande godt tekne vare på og er i dag viktige materielle kjelder som viser oss kor mangfaldig og rik den lutherske tradisjonen har vore.

Av Silje Pileberg
Publisert 31. okt. 2019 12:54 - Sist endret 31. okt. 2019 12:54