Fastelavn – festdag før fasta

På sundag er det fastelavn. På oskeonsdag går vi inn i fasta. Les kva professor Hallgeir Elstad skriv  om gamle folkelege fastetradisjonar. 

Fastelavnsbollar er ein tradisjon dei fleste er vane med i dag. Tradisjonen med fastelavnsbakst strekk seg tilbake til tia før reformasjonen. Foto: colourbox.com

Folketradisjonen i tilknyting til dei store årshøgtidene var bestemt av den offisielle kyrkjelege tradisjonen, som fekk stor innverknad i løpet av mellomalderen. Reformasjonen kom til å avvise mange skikkar og tradisjonar. Men i folkedjupet kom tradisjonane til å leve vidare, delvis i kontinuitet og delvis i omforming. Mange av desse tradisjonane heldt seg opp til det 20. hundreåret.

Faste er i kristendommen førebuingstid for påskehøgtida. Ordet ”faste” er utleidd av ”fast”, i tydinga å halde fast ved bestemte religiøse forskrifter, som å gje avkall på visse matslag og gleder som elles var naturlege. Lengda på den kristne fasteperioden, den såkalla lange fastetid eller den stille tid, vart tidleg sett til 40 dagar og tok til oskeonsdag. Skikken med å faste i 40 dagar har bakgrunn i det bibelske materialet: Før Jesus tok til med livsverket sitt fasta han ute i ørkenen og vart freista av djevelen i 40 dagar og netter. Den stille tida fekk sitt høgdepunkt i den stille veka.

Truleg kan ein finne byrjinga til ei fastetid før påske attende i det 2. hundreåret, men då som ei friviljug og kortvarig førebuing til høgtida. Så har fasta etter kvart vorte obligatorisk og utvida. Romarkyrkja utvikla etter kvart omfattande og strenge fasteforskrifter. Då Noreg vart kristna, kom desse også hit. Frå Noregshistoria veit vi at fastepåboda med det same møtte stor motstand frå bøndene, og kan ha vore ein av dei vanskelegaste hindringane for kristendommens gjennombrot i Noreg på 900- og 1000-talet. Forbodet mot å ete kjøt i fasta var særleg strengt. Det var heller ikkje tillate å halde giftemål frå fastelavn til påskeveka var over.

På 1500-talet oppheva reformatorane fasteplikta og avskaffa alle dei ordinære fastetidene som det romerske kyrkja hadde fastsett. Ein var ikkje i mot faste i og for seg, men ein meinte det var betre å førebu seg til påske gjennom å leggje vekt på sjølve forkynninga. Såleis fekk vi dei såkalla fastepreiker, som lenge var eit viktig innslag i dansk-norsk kyrkjeliv. Då skulle det preikast over eit stykke av lidingshistoria kvar onsdag i sju veker før påske. Men også denne ordninga vart etter kvart redusert.

At langfasta og dei andre obligatoriske fastetidene vart avskaffa, førte ikkje til ei dramatisk omlegging av folk sine faste- og påskeskikkar. Særleg lenge kom tradisjonane til å leve i mange av bygdesamfunna våre. Eit døme på korleis det gamle kunne tilpassa seg den nye situasjonen etter reformasjonen, er omplasseringa av dei katolske fastelavnsdagane: blåmåndag, feitetysdag og oskeonsdag til den stille veka, slik at oskeonsdag vart sett framfor skjærtorsdag.

Fastelavn

Fastelavn, av tysk ”Fastelabend: kvelden før faste, var opphavleg ein festperiode på tre dagar: fastelavnssundag, blåmåndag og feitetysdag, som markerte overgangen til kyrkja si lengste faste. På fastelavn utvikla det seg ei rad folkelege festskikkar med mykje god mat, leik og fornøying. Her var karnevalsopptog ein viktig skikk. Ordet ”karneval” kjem som kjend av det latinske ”carne vale”, som tyder ”kjøtt, farvel”.

Fastelavnsløyer i en landsby. Xylografi etter en skisse av Knud Gamborg. 1872. Illustrasjon: wikimedia

Ein populær skikk på fastelavn var å ”ri fastelavn” Opptog med unge menn på hester som reid frå gard til gard og vart traktert med god mat og brennevin, dansa litt med jentene og baud inn til fastelavngilde, som var eit samanskottslag om kvelden. På fastelavnsgildet drakk ein gjerne brennevin og åt kveitebrød og bollar.

Men med reformasjonen var jo eigentleg grunnlaget for fastelavnsfeiringa borte. Men skikkane forsvann ikkje. På 1700-talet var det klaga over at folk framleis heldt fram med å feire fastelavn på gammal måte. Den ikkje ukjende Erik Pontoppidan gav nemleg ut boka Fejekost til at utfeie den gamle surdeigg, der han argumenterte for at folk no måtte kvitte seg med alle leivningar frå den katolske tida. Ein av desse leivningane som Pontoppidan var forarga over, var ”fastelavns-narrerier” som framleis fanst blant folk. Fastelavnsmoro meinte Pontoppidan tente til å lokke folk til synd og førte dei i fortapinga.

Ein tradisjon som har helt seg heilt til vår tid, er fastelavnsriset, som vi gjerne nyttar til å pynte i huset med og som blir seld til inntekt for særlege føremål. I eldre tid nytta folk riset til å rise kvarandre med etter faste ritual. Same skikken var òg knytt til langfredag, og då med den motivasjonen at ein skulle gjere bot og lide med Frelsaren. I Noreg har dette vore ein sterk langfredagstradisjon, seier folkloristen Ørnulf Hodne. Men risinga kunne òg vere knytt til fruktbarheitsmagi – å bli risa med ”livskvisten” fremja fruktbarheita. Det erotiske innslaget var òg til stades, då det helst var gutane som drog å vekte jentene i nabolaget med ris på senga. Men skikken vart tidleg offer for tradisjonsoppløysning. Den opphavlege meininga med skikken vart borte – og ein gjorde det berre for moro. Til dømes var det ikkje uvanleg at barna på fastelavn fekk lov til å rise foreldra.

Den katolske tradisjonen med at ein før fasta skulle ha det festleg med god mat og drikke, er vel det elementet som er best teke vare på i vår fastelavnstradisjon. Fastelavnsbaksten høyrer framleis med: bollar, kveitekaker, franskbrød og kringler.

Av Hallgeir Elstad
Publisert 11. feb. 2018 14:10 - Sist endret 11. feb. 2018 14:10