– Kyrkja må ta eit oppgjer med Luthers jødehat

Når Den norske kyrkja i 2017 markerer 500-årsjubileet for reformasjonen, må dei samstundes markere sterk avstand frå antijudaismen i Martin Luthers skrifter, meiner teologiprofessor Tarald Rasmussen.  

Utsnitt av forsiden på Luhters skrift Vom Schem Hamphoras. Det såkalte Judensau-motivet viser jøder i omgang med ei stor purke. Motivet var særdeles nedverdigende for jøder. Kilde: Wikimedia Commons. (Fullt bilde nede i saken.) 

«Jeg vil gi mitt råd så godt jeg kan: For det første: At man setter fyr på deres synagoger og skoler. (...) For det andre: At man på samme vis også river ned og ødelegger husene deres (...). For det tredje: At man tar fra dem alle deres bønnebøker og talmudiske skrifter (...)»

Dette skreiv reformatoren Martin Luther om jødane på slutten av sitt liv. Han hadde gått frå å forsvare dei tjue år tidlegare til å utvise eit sterkt jødehat i 1543.

– Desse tekstane har fått lite merksemd i den moderne kyrkja. Men under andre verdskrig vart dei løfta fram av nazistar både i Tykland og Noreg, som ville vise at dei hadde Luther i ryggen, seier professor Tarald Rasmussen ved Det teologiske fakultet.

No er det på tide å leite tekstane fram att, meiner han.

– I samband med reformasjonsjubileet er temaet høgt oppe internasjonalt. Historisk forsking har kasta nytt lys over temaet, og fleire kyrkjer har sagt at dei tar uttrykkeleg avstand frå denne sida ved Luther. Det bør vi også gjere i Noreg.

Hentar temaet fram att

Då Rasmussen saman med teologen Inge Lønning på 1980-talet ga ut Luthers skrifter i seks bind på norsk, unnlét dei å ta med dei antijødiske tekstane i frykt for at dei kunne bli misbrukte slik dei hadde blitt under andre verdskrig. No er derimot utdrag frå desse tekstane blitt publiserte på norsk i boka Reformasjon nå. Luther som utfordring og ressurs for den norske kirke, av Per Kristian Aschim og Tarald Rasmussen. Temaet vil også bli diskutert på seminaret Luther, jødene og antisemittismen 16. september.

Rasmussen trur det er fleire årsaker til at denne sida ved Luther har fått lite omtale tidlegare.

– Den moderne kyrkja har brukt andre tekstar av Luther, så som bibelkommentarar, katekismer eller stridsskrifter retta mot paven. For å skulle trekkje fram dei antijødiske tekstane, måtte nokon ha bruksinteresse for dei. Det hadde nazistane, seier han.

I Noreg ga det nasjonalistiske partiet Norsk Front ut eit hefte med tittelen Martin Luther: DET UTVALGTE FOLK. Om jødene og deres løgner. Her finn ein nokre av passasjane frå Luther på norsk, med ei kort innleiing av den nazistiske soknepresten Hans Egede-Nissen. 

– Med nazismen vart tekstane løfta fram i fleire land. Og etter krigen har Luther blitt særskilt framheva som ein av antisemittismens idéhistoriske fedrar. På holocaust-museet i Washington DC kan ein til dømes sjå ein liten film om antisemittismens idéhistorie. Der er Luther prominent til stades, seier Rasmussen.

Omgrepet «antisemittisme» skildrar dei antijødiske haldningane slik dei vart utfalda på 1900-talet, med raseteoriar som ein viktig ingrediens.

Kompromisslaus reformator

Martin Luther var munk, professor og reformator, men nokon stor diplomat var han ikkje. Han var sterkt kritisk til den katolske kyrkja og paven, spesielt praksisen med avlatsbrev, der folk betalte pengar til kyrkja for å fri seg frå plager i skjærselden. Då keisar Karl V innkalla han til riksdagen i Worms i 1521, talte Luther makta midt imot og vart lyst fredlaus.

– Luther rosast mykje for motet han viste i Worms. Men samtidig var han, både der og i seinare samanhengar, veldig sikker på at han hadde rett, og at andre tok heilt feil. Han kom lett i konfliktar og stempla motstandarane som fiendar, seier Rasmussen.

Forsiden på Luthers skrift «Von den Juden und ihren Lügen» fra 1543.
Kilde: Wikimedia Commons

Denne tendensen kom også til syne i det Luther skreiv om jødane. På 1520-talet håpte han at jødane skulle omvendast og tolke skrifta på same måte som han sjølv. Men etter å ha leia eit omfattande arbeid med å omsette Det gamle testamentet frå hebraisk til tysk, der han også samarbeidde med jødiske lærde og rabbinarar, såg han ingen teikn til at dette skulle skje. Fronten vart skjerpa, og på slutten av livet skreiv Luther fleire antijødiske tekstar, mellom anna «Von den Juden und ihren Lügen» («Om jødane og deira løgner») i 1543.

– Luther var skuffa over jødane, og han var også nedbroten fordi dottera Magdalena hadde døydd året før. Etter det vart han nok meir bitter og vrang, seier Rasmussen.

Luther hadde godt selskap

Teologiprofessoren understrekar likevel at Luther langt frå var den einaste som utviste antijødiske haldningar på 15-1600-talet. 

– Det skal ikkje unnskylde Luther, men det er viktig å ha med som eit korrektiv at han ikkje var åleine. Både blant katolikkar og reformhumanister i samtida hans finn ein liknande haldningar, seier han.

Til og med Erasmus frå Rotterdam, kjend som den førande humanisten på 1500-talet og ein mykje heidra kristen humanist, hadde sterke antijødiske haldningar.

– Erasmus er kjend som ein toleransens mann, men når det gjaldt haldninga overfor jødar, var han ikkje mykje betre enn Luther, seier Rasmussen.

Også i seinmiddelalderen, særleg blant dominikanarane på 1400-talet, fanst det antijødiske haldningar som støtta opp under drap og forfølging av jødar.

Jødehatet var ikkje ei avsporing

Tarald Rasmussen meiner at det er viktig å nytte 500-årsjubileet til å vise både positive og negative sider ved reformasjonen. Jubileet gjev Den norske kyrkja eit godt høve til å markere avstand frå denne sida ved Luther, meiner han.

Luthers skrift Vom Schem Hamphoras henviser i tittelen til det skjulte navnet til Gud i rabbinsk jødedom. Begrepet er brukt for å fornærme jødene, og Luther argumenterer her for at jødene ikke lenger er Guds folk, men djevelens.

– Kyrkja kan til dømes gjere det Den evangeliske kyrkja i Tyskland (EKD) har gjort. I 2015 vedtok synoden i EKD ein tekst der dei klart og tydeleg distanserer seg frå den seine Luthers antijødiske ytringar, seier Rasmussen.

Det lutherske verdsforbundet ytra seg kritisk om temaet i 1983, og nyleg gjekk den tyske kyrkja enda tydelegare ut med same bodskap.

– Luthers ytringar ligg der, og det kjem stadig fram at desse har vore brukt for å legitimere forfølging av jødar. I tillegg ser vi enda meir tydeleg enn før at dette ikkje berre var ei avsporing hos Luther, men eit utslag av hans måte å tenkje på. Det var ei konsekvent oppfølging av visse sider av teologien hans. Han var ein uforsonleg mann, og han såg på dei som var usamde med han som fiendar, seier Tarald Rasmussen.

Av Silje Pileberg
Publisert 13. sep. 2016 12:10 - Sist endret 8. juni 2020 09:10