Studieopptak ved fakultetet

Du kan få tilgang til studietilbodet vårt på fleire måtar, avhengig av kva du vil studera og kva studiebakgrunn du har.

Opptak til bachelorprogram og profesjonsstudiet i teologi

Ønskjer du opptak til våre bachelorprogram, vår årseininga eller profesjonsstudiet i teologi, skal du søkja via Samordna Opptak. Søknadsfristen er 15.april for vanlege søkjarar og 1.mars om du til dømes søkjer på grunnlag av realkompetanse

Masterprogram (1 1/2 - 2 år)

Me tilbyr både norsk- og engelskspråklege masterprogram dersom du ønskjer å byggja vidare på ein bachelorgrad. Du finn informasjon om opptak på nettsidene til studieprogrammet. Du søkjer via Søknadsweb Søknadsweb.

Opptak til emne

Det er mogleg å få opptak til eit av våre emne utan å ha opptak til eit studieprogram. Vilkåret er som regel at du søkjer om å verta enkeltemnestudent. Du finn meir informasjon på nettsidene til dei einskilde emna.

Universitetets sentrale sider

Publisert 21. okt. 2009 12:36 - Sist endret 2. mars 2021 11:30