Ny bok: Norsk kristendomshistorie

Kristendomen har ei tusenårig historie i Noreg. I dette oversiktsverket gir forfattarane ei samla framstilling av denne historia, frå kristningsperioden og fram til vår eiga samtid.

Om bokenNorsk kristendomshistorie bokomslag

I løpet av dette tidsspennet har kristendomen gjennomgått omfattande endringar når det gjeld tru, praksis og plass i samfunnet; frå kristningsprosessen i mellomalderen, konfesjonsskiftet på 1500-talet til nyare tids modernisering og differensiering som etter kvart har endra vilkåra for kyrkje og kristendom.

I framstillinga viser forfattarane korleis kristen tru og praksis har arta seg gjennom historia, og at kyrkje og kristendom aldri har verka i eit vakuum. Kristne førestillingar har påverka og blitt påverka av kultur og samfunn lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Den religiøse utviklinga blir dermed sett inn ein breiare samfunnskontekst, og gjennom heile framstillinga blir tilhøva i Noreg sett i lys av det som skjedde elles i Europa.

Mer informasjon og mulighet til å kjøpe boken finner du på Universitetsforlagets nettsider

Forfattere

Hallgeir Elstad, Per Halse

Publisert 12. aug. 2022 14:19 - Sist endret 12. aug. 2022 14:19