Ordning for skiping av forskargrupper ved TF

Føremål

Målet for ordninga er å styrkje forskingsaktiviteten ved fakultetet. Det skal vere ei fleksibel og dynamisk ordning som fokuserer aktivitet nedanfrå-og-opp. Føremålet med å skipe ei forskingsgruppe er publisering og/eller utvikling av prosjekt med sikte på ekstern finansiering.

Krav til forskargruppe

Ei forskargruppe ved TF bør omfatte både seniorforskarar og forskarar i rekrutteringsstillingar (ph.d. og post.doc.). Det er ingen maksimumsgrense for kor mange forskargrupper kvar forskar kan vere med i. Ei forskargruppe skal leiast av ein fast vitskapleg tilsett ved TF.

For å kunne halde fram som forskargruppe må ein kunne syne til at det er aktivitet. Gruppa må i samarbeid med nettredaksjonen utvikle og oppdatere stoff på eigne nettsider – på norsk og engelsk (man kan velje eitt hovudspråk, og la den andre nettsida vere meir statisk).  Nettsidene skal syne forskargruppa sin aktivitet og fungerer då samstundes som ein årleg rapport.

I tillegg må kvar forskargruppe kvart år levere materiale til å utvikle minst ei populærvitskapleg aktueltsak på fakultetets nettsider.

Når ei forskargruppe får finansiering for sitt prosjekt, blir gruppa rekna som eit forskingsprosjekt, og er ikkje lenger ei forskargruppe.

Økonomi

Forskargrupper vil bli prioriterte – etter individuell vurdering – i den årlege forskarstøtteutlysinga ved TF.

Søknadsfrist og vurdering

For å ivareta at dette skal vere ei dynamisk ordning, opererer ein ikkje med ein årleg søknadsfrist. Ein søkjer når behovet er der.

Søknader blir avgjort av forskingsdekanen etter tilråding frå FSU.

Søknad

Søknad skal sendast inn gjennom å bruke nettskjema. Ver merksam på at ein som del av søknadsskjemaet må laste opp ei skildring av forskargruppa sin tematikk på inntil 200 ord. 

Søk her

 

Publisert 15. sep. 2016 15:59 - Sist endret 16. sep. 2016 10:06