Interreligiøse studiar og islamsk teologi

Studiar og forsking på feltet interreligiøse studiar tar for seg forholdet mellom ulike religionar og livssyn, i spenninga mellom konflikt og dialog, og i det vidare perspektivet religion og samfunn. Relasjonelle perspektiv på religionsstudiet er eit definerande trekk ved tilnærmingsmåten, og religiøse endringsprosessar i pluralistiske samfunn ein viktig del av horisonten. Forsking på feltet inkluderer tekstbaserte så vel som empiriske tilnærmingsmåtar.

Forskingsfeltet inkluderer forholdet mellom religion og sekularitet samt relasjonelt orienterte islamstudiar.

Til bakgrunnen for fakultetets satsing på interreligiøse studiar, sjå horisontdokumentet "Interreligiøse studiar - av religiøs endring, riter og religionsdialog" (2000).

Sjå presentasjon av forskargruppa på engelsk.

Om gruppa

Forskargruppa blir leidd av professor Oddbjørn Leirvik og inkluderer forskarar og stipendiatar som arbeider med tema som islam i Norge; islamsk teologi; moderne islamsk tenking; koranstudiar; kristen-muslimske relasjonar; kristen-buddhistisk dialog; religion og sekularitet; religion og menneskerettar; kjønnsperspektiv på religiøs endring.

Forskingsaktivitet

Sjå oversikt over vitskaplege "Publikasjonar" i venstremarg-menyen, og oversikt over "Arrangement".

Studieprogram og emne

Interreligiøse relasjonar er ein integrert del av studieprogramma i Religion og samfunn (bachelor og master), masterprogrammet i Religion and Diversity, og av fellesemna for førsteårsstudiet ved fakultetet (for alle program). Sjå fullstendig oversikt over interreligiøse studieemne ved fakultetet.

Samarbeid

Fleire av gruppas medlemmer tok aktivt del i UiO sitt tverraktultære forskingsområde PluRel (Religion i pluralistiske samfunn, 2008-2015). Interreligiøse studiar var også ein integrert del av det tverrfakultære forskingsprogrammet Culcom (Kulturell kompleksitet i det nye Norge (2004-2010) og av NFR-programmet Religion i globaliseringsalderen (2001-2005).

Internasjonalt er fakultetet tilknytta European Society for Intercultural Theology and Interreligious Studies (ESITIS).ESITIS publiserer tidsskriftet Interreligious Studies and Intercultural Theology og var tidligere involvert i tidsskriftet Studies in Interreligious Dialogue.

Sjå bibliografi og oversikt over universitet som tilbyr interreligiøse studiar.

Publisert 16. juli 2010 14:14 - Sist endret 5. juni 2018 11:48