ISLAMSTUDIAR
Fleire av fakultetet sine interreligiøse studieemne har eit særleg fokus på islam og kristendom og bacheloremnet "Islam, kristendom og Vesten" har vore tilbydd regelmessig i fleire år. Frå hausten 2011 tilbyr fakultetet også studieemne innanfor islamsk teologi og filosofi / moderne islamsk tenkning (jf. emne i Islamsk teologi og filosofi, Islamsk mystikk og Islamsk etikk / Islamsk sosialetikk). Ansvarleg for utviklinga av desse emna har vore Safet Bektovic som frå januar 2016 er tilsett i fast stilling som førsteamanuensis i teologiske islamstudiar.
Emnet Islamsk sosialetikk blir tilbydd våren 2016 (ved Safet Bektovic), det same blir emnet Islam, gender and sexuality (ved førsteamanuensis Nina Hoel).
ISLAMFORSKING
Islamrelaterte tema står sentralt i dei vitskaplege publikasjonane til medlemmane i forskargruppa interreligiøse studiar. I tillegg har det i perioden 2008-2014 blitt skrive 24 islamrelaterte masteroppgåver på studieprogrammet Religion og samfunn.