Påske og påsketradisjonar

Dagens påsketradisjonar inneheld alt frå påskekrim til fjellturar. Men visste du at det før i tida var vanleg å gå med sand i skorne på langfredag for å lide med Kristus? Les kva professor Hallgeir Elstad skriv om gamle påsketradisjonar.

Påskeegg er nokså nytt i Noreg, men har vore vanleg andre stadar i verda sidan førkristen tid. Foto: colourbox.com

Palmesundag innleier den stille veka, og har namnet sitt til minne om Kristi inntog i Jerusalem då folk braut palmekvistar og strødde framfor han på vegen. Før reformasjonen vart inntoget i Jerusalem dramatisert i kyrkjas liturgi.  Ein hadde prosesjonar med innvigde “palmar” som var blomsterkvistar av selje eller andre piletre.  Ein hadde vidare korshylling og song.

Dessutan var det ein prosesjon der ein bar “palmar” omkring i gatene og rundt åker og eng, ofte under bibelske hyllingsrop:  “Hosianna, Davids son!” Etter prosesjonen vart palmane teke med heim og nytta til vern mot  ulykker på folk og fe.

Jesus rid inn i Jerusalem på palmesundag. Mellomalderfreske frå Jorlunde kyrkje i Danmark. Foto: colourbox.com

I luthersk tradisjon vart dei visuelle liturgiske innslaga palmesøndag tidleg borte. I staden fekk ein den skriftforklarande, oppbyggelege preika. I nyare tid har det òg på protestantisk mark vore ei nyorientering ved at “palmar” og “palmeprosesjonar” mange stader er eit innslag i kyrkjas gudsteneste palmesøndag.

Skjærtorsdag

Den første eigentlege heilagdag i den stille veka er skjærtorsdag. Namnet ”skjærtorsdag” (grunnordet er skir-) tyder å døype og reinse. Opphavet til namnet på dagen finn ein truleg i det som hende den første skjærtorsdag: Jesus tok vatn og vaska føtene til disiplane sine. Jesu innstifting av nattverden må òg reknast som ein åndeleg reinsingssermoni.  Den same tanken kjem fram i den katolske trua på skjærselden, som den hinsidige reinsingsstaden for sjelene etter døden.

I følgje den folkelege tradisjonen skulle særleg heksene ha stor makt på skjærtorsdag. I så måte var dette ein uhyggeleg dag. Ei heks eller trollkjerring er ei kvinne ein trudde kunne øve trolldom, dvs. påverke gangen i naturen og føre vondt på folk og fe, fordi ho stod i samband med vonde makter, særleg djevelen. Ein kunne verne seg mot heksene ved t.d. stål over dører, i senger og i fjøs og stall. Det var òg vernekraft i kors, varme og magiske formular.

Ei særleg vernekraft hadde sopelimen, heksene sitt eige framkomstmiddel. Det var vanleg å leggje ein sopelime utanfor døra, slik at folk kunne tørke skorne sine på han før dei gjekk inn i huset. Tanken var at korkje trollkjerringar eller anna vondt kunne gå over sopelimen.

Ein kunne kjenne trollkjerringane på at dei med foten slengde til side sopelimen framfor døra før det gjekk inn i huset.  Dersom heksa ikkje fann nokon sopelime å ri på, kunne ho ri på andre ting, ein hest eller ei ku, og det var mykje verre. Derfor var skikken å sette ein eller fleire sopelimar utanfor kjøkken- eller fjøsdøra skjærtorsdag til bruk for trollkjerringane. Ein annan måte å verje seg mot heksene på, var å ringje med kyrkjeklokkene.

Vidare var det skikk over alt at folk tok på seg finstasen og gjekk i kyrkja.  Skjærtorsdag gjekk mange til nattverd, ofte fleire hundre om gongen i same kyrkja. I gamal tid var det vanleg at alle dei som var konfirmert gjekk til alters ein eller to gonger om året, gjerne ein gong om våren (påska) og ein gong om hausten.

Utsnitt av verdas kanskje mest kjende framstilling av påskemåltidet med Jesus og disiplane. Måla av Leonardo da Vinci i Santa Maria delle Grazie i Milano. Foto: colourbox.com

Langfredag

Den viktigaste dagen i folkeleg påsketradisjon er langfredag . Dagen har fått namnet sitt etter Kristi lange liding.  Det var ein sørgjedag, og ingen måtte  vere glad.  Ein måtte halde seg i ro, ikkje gå på besøk, drive med moro eller leik. Alvoret, fasta og sjølvpininga nådde sitt høgdepunkt denne dagen.  Mange stader firte dei flagget på halv stong, og somme tok sørgjeklede på.  Både folk og fe skulle faste og på den måten lide med Kristus.

Ein måte å identifisere seg med Kristus, var gjennom det såkalla langfredagsarbeidet.  I tillegg til å faste skulle ein langfredag bruke alle kreftene sine og plage seg sjølv med hardt arbeid. Eit typisk langfredagsarbeid var å køyre møkk. Ved Fredrikstad vart det f. eks. sagt at bøndene

“til Minde om Frelserens Lidelser, Langfredag kjørte Gjødsel paa Ageren, ja at de endog, for end mere at plage sig, lagde Gjødsel i sine sko.” 

Det var ikkje uvanleg at dei voksne gjekk med sand i skorne  for å pine seg sjølv. Skikken med langfredagsarbeidet for å lide med Kristus vart borte etter kvart.

Påskedagen

Med sjølve påskedagen  vart alvoret snudd til glede. Ennå midt på 1800-talet var det vanleg at folk heldt påskevake, det vil seie at “man vaager den hellige Nat før Festen og tilbringer den med hellig Læsning og Sang.” Og frå tidleg om morgonen var folk på føtene for å sjå sola når ho stod opp, for påskemorgon meinte folk at ho “leika” på himmelen og dansa av glede over Kristi oppstode.

Ein samla seg gjerne på høgder i landskapet. Særleg bygdeungdommen nytta høvet til å møtast påskemorgon til ulike aktivitetar. Somme stader kunne ungdommen helse solrenninga på fjellet ved å syngje påskesalmar. Skikken med å samlast til song og spill på åsar og toppar ved soloppgang påskemorgon heldt fram også etter at folketrua på “soldansen” døydde ut.

I Russland har dei lange tradisjonar for rikt dekorerte påskeegg, mellom anna med Kristus som motiv. Foto: colourbox.com

Påskedag var fastetida over.  Ein kunne no unne seg god mat, t.d. rømmegraut med lefse og kjøtmat til middag.  Somme stader hadde ein påskeegg.  Men denne skikken er truleg ikkje gammal i Noreg. Det var lite hønsehald i landet vårt før 1900. Og for dei som hadde høns, var det  ikkje vanleg å ha egg anna enn ved sjeldne høve.  Eit slikt høve var det når hønene tok til å verpe rundt påsketider. 

Det var stor stas med dei første egga, som fekk status som høgtidsmat. Bruken av påskeegg vart først kjend i by- og embetsmannsmiljø.  Påskeegget på landet ser ut til å ha kome derifrå. Egga vart ikkje berre nytta til festmat påskedagen. Ein hadde egg, som gjerne var farga raude, blå eller gule, stundom med innskrift.  Egga kunne ein gje bort som gåve. 

Dette var vanleg mellom gifteferdig ungdom: 

“Påskedagen tok jentene med seg eit egg når dei reiste til kyrkja.  Dei bar det under kleda innåt nakne skinnet på brystet.  Etter gudstenesta gav dei egget til den guten dei elska, og sume gonger fekk guten lov til å ta egget sjølv.  Sume hadde farga dette egget.” 

Påskeegget høyrde  med til kurtisen mellom gut og jente.  Ein kunne òg bruke egg i ulike barneleikar.

I motsetnad til Noreg er bruken av påskeegg ein av dei eldste og mest utbreidde festskikkar som finst internasjonalt.  Egget hadde ei religiøs tyding. I førkristen tid var det symbol på sjølve skapingsunderet og livskrafta og det frambrytande livet i naturen. I kristen tid vart egget symbol på oppstoda og teke i bruk i forkynninga. Ein har t.d. bilete som syner den oppstadne Kristus som stig opp frå eit knust egg.

Påskedagen var den store høgtidsdagen. Denne dagen samla fleire nordmenn til gudsteneste enn noka anna høgtidshelg. Det var ei betre årstid for kyrkjeferd enn i jula. Då var det tid for å leggje bort sørgjekleda og kle seg til fest i den finaste stas. Påskedag har utan tvil hatt mykje å seie for folk sitt religiøse liv.

Av Hallgeir Elstad
Publisert 22. mars 2018 20:34 - Sist endret 23. mars 2018 09:36