Tinging av karakterutskrift
Føresetnaden for å tinga karakterutskrift frå Det teologiske fakultetet er at du har teke og stått på minst eitt emne ved fakultetet. Ex.phil er ikkje eit slikt emne. Ein må rekna med om lag ei vekes handsamingstid. Du kan óg henta karakterutskrifta i resepsjonen på TF om du viser legitimasjon.
OBS: Karakterutskrifta vert sendt til den adressa som er registrert i StudentWeb. Ver venleg å kontrollera at den registrerte semesteradressa er rett før du tingar karakterutskrift. Du loggar deg inn på StudentWeb med brukarnamn og passord eller fødselsnummer og PIN-kode. Dersom du ikkje er student lenger og manglar PIN-koden din, kan du få PIN-koden ved personleg oppmøte hjå ein av studierettleiarane våre om du viser legitimasjon. Kan du ikkje møta personleg: send ein e-post til Studentkontoret. Skriv ”PIN” i emnefeltet.
Karakterutskrifter må innehalda alle dei emna frå Universitetet i Oslo som du har stått på, jamfør Studieforskriften $ 8.2 (1).
Tingingsskjema