Studieopptak ved fakultetet
Du kan få tilgang til studietilbodet vårt på fleire måtar, avhengig av kva du vil studera og kva studiebakgrunn du har.
Opptak til bachelorprogram og profesjonsstudiet i teologi
Ønskjer du opptak til våre bachelorprogram, vår årseininga eller profesjonsstudiet i teologi, skal du søkja via Samordna Opptak. Søknadsfristen er 15.april for vanlege søkjarar og 1.mars om du til dømes søkjer på grunnlag av realkompetanse
Masterprogram (1 1/2 - 2 år)
Me tilbyr både norsk- og engelskspråklege masterprogram dersom du ønskjer å byggja vidare på ein bachelorgrad. Du finn informasjon om opptak på nettsidene til studieprogrammet. Du søkjer via Søknadsweb Søknadsweb. Det er fakultetet sjølv som handsamar søknadsprosessen.
Opptak til emne
Det er mogleg å få opptak til eit av våre emne utan å ha opptak til eit studieprogram. Vilkåret er som regel at du søkjer om å verta enkeltemnestudent. Du finn meir informasjon på nettsidene til dei einskilde emna.