Lesesalar, kollokvierom og datarom

På Domus Theologica finn du lesesalar, kollokvierom og datarom som studentane kan bruka.

Lesesalar

Det teologiske fakultetet har to lesesalar. Plassane er på biblioteket og på rom U311 i tredje etasje på Domus Theologica. Det er både faste plassar og dagplassar.

Biblioteket: Alle kan søkja om fast lesesalsplass, og plassane vert tildelt fortløpande frå skranken i biblioteket.
 

Rom U311: Alle kan søkja om fast lesesalplass, men masterstudentar og Cand. theol.-studentar på høgare nivå blir prioritert. Fristen for å søkja om lesesalplass er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret. Søknadar som kjem inn etter fristen vert ikkje handsama. Plassane blir tildelt på semesterbasis, dvs. at lesesalplassane må ryddast når semesteret er over og alle eigedelar må fjernast.

Det vert hengt opp ei oversikt over tildeling av lesesalplassar på døra til lesesalen etter at fristen har gått ut.

Søknadskjema lesesalsplass vårsemesteret 2018. (Søknadsskjema for vår 2018 opnast 14. januar)

Lesesalsreglement

Kollokvierom

U301 i tredje etasje er kollokvierom. For å reservera dette kan du ta kontakt med TF-infosenter.

Datarom

Fakultetet har eit datarom; U309 ligg i tredje etasje, og er ope for alle studentar ved fakultetet.

Publisert 10. mars 2010 21:14 - Sist endret 9. jan. 2018 12:16