Lektor

Signhild Stave Samuelsen har ein mastergrad i religion og samfunn, og jobbar som lektor ved Bryne ungdomsskule. Der får ho kombinert sin faglege interesse med engasjement for barn og unges læring.

Signhild Stave Samuelsen. Foto: Ragne Borge Lysaker

Kva går jobben din ut på?

Eg er lektor på Bryne ungdomsskule, og kontaktlærar på 9. trinn. Der underviser eg blant anna i KRLE (kristendom, religion, livssyn og etikk). I tillegg er eg tillitsvald for Utdanningsforbundet.

Får du brukt utdanninga di i jobben din? Korleis?

Eg bruker det eg lærde i utdanninga mi i undervisninga eg sjølv held for mine elevar. Masterprogrammet i religion og samfunn kvalifiserer til å undervisa i KRLE, men eg ser at eg også i andre fag drar nytte av kunnskap eg erverva meg på dette studiet.

Kva er det viktigaste du lærte frå studiane?

Fagleg fekk eg privilegiet å fordjupa meg i religion slik han blir praktisert, og fekk dei metodiske verktøya naudsynte for å utforska eit fagfelt eg er oppteken av. Elles lærte eg kanskje like mykje frå å delta i ulike studentforeiningar. Eg sat mellom anna i Studentparlamentet, var aktiv i Senterstudentane, Studentmållaget og Norges Kristelige Studentforbund.  Eg jobba også litt ved sidan av studiane, mellom anna som forskingssekretær og som studentmedarbeidar i informasjonssenteret på fakultetet.

Korleis fekk du jobben?

Eg fekk jobben fordi eg søkte på ei utlysning.

Har du tips til studentar som ønskjer å jobbe i bransjen du jobbar i?

Ta den praktisk-pedagogiske utdanninga (PPU) i tillegg! Eg for min del hadde ingen planar om å bli lærar, men gjekk på religion og samfunn fordi eg ynskja å fordjupa meg i noko eg brann for og ville læra meir om. Eg søkte PPU "for å ha noko å falla tilbake på" då eg var nesten ferdig med masteren og ikkje visste kva eg skulle bruka masteren til. Eg ville bruka PPU-papira til noko anna, gjerne kommunikasjonsarbeid, men ikkje til å bli lærar. Men etter eit par dagar i praksis innsåg eg at eg ikkje kunne tenka meg noko gildare enn å få jobba med å få barn og unge til å læra!

Vidare karriereplaner, ønskjer og muligheiter?

Eg har ingen umiddelbare planar om å skifte beite, for eg trivst veldig godt i læraryrket.

Publisert 22. mars 2016 09:53 - Sist endret 26. jan. 2017 16:05