Møte mellom kristendom og islam i Norge 2018 haust (10 stp)

Føremålet med kurset, som er retta mot prestar og andre kyrkjeleg tilsette, er at kursdeltakarane, gjennom praktisk og teoretisk tilnærming til temaet, skal bli rusta til å møte islam og muslimar i Norge på konstruktive måtar. Kurset vil også gi islamkunnskap og stimulere til religionsteologisk refleksjon om forholdet mellom dei to religionane.

Bakgrunn og målsetting

Det stadig aukande nærværet av muslimar i Norge stiller kyrkja og samfunnet overfor mange nye utfordringar, både når det gjeld religionskunnskap og dialogkompetanse. Kurset vil ha eit pastoralteologisk fokus på kyrkja og presten sitt møte med lokalmiljøet, men er også meint å stimulere til religionsteologisk refleksjon over tilhøvet mellom islam og kristendom. Meir spesifikke tema som det vil bli arbeidd med, er synet på heilagskriftene, kristen og islamsk spiritualitet, teologiske grunnstrukturar i dei to religionane, forholdet mellom kultur og religion, og det personlege møtet på tvers av ulik tru.

Organisering og omfang

Kurset er organisert som to samlingar over tre dagar. Den første samlinga vil vere ei internatsamling.

  • Samling 1: 24.-26. september, på Himmel og Hav (Stavanger) Program (pdf) kommer
  • Samling 2: 26.-28. november, på Det teologiske fakultet (Oslo) Program (pdf) kommer

Omfanget på kurset er 10 studiepoeng, med eit lesepensum på om lag 800 sider. Det er obligatorisk deltaking på samlingane og ein tilrår å søke om 5-6 veker permisjon.

Arbeidsformer og vurdering

Kurset er lagt opp for å stimulere deltakarane til erfaringsdeling og ein felles læringsprosess. I forkant av kurset vil deltakarane bli bedne om å skrive ned nokre av sine eigne erfaringar og spørsmål i møte med muslimar/islam. I løpet av kurset vil alle også skrive eit reflekterande notat på 1500 ord i tilknyting til kurset sitt lesepensum. Ved avslutninga av kurset skal alle skrive ei oppgåve på om lag 4000 ord der utfordringa er å få lokale/personlege utfordringar og fagleg refleksjon til å spele saman. Det blir gitt ei samla vurdering av innleverte tekstar ut frå karakterskalaen stått/ikkje-stått.

Forkunnskapskrav

Cand.theol eller bachelorgrad med minimum 80 stp i kristendomsstudiar, religionsstudiar eller liknande. For at emnet skal kunne inngå i master i praktisk teologi må ein i tillegg ha minst to år med yrkespraksis i kyrkjeleg teneste.

Økonomi

Undervisninga på kurset er gratis men vi tar ei avgift på 6500,- for å dekke tilrettelegging av kurset. Dette inkluderer fullpensjon på første samling og servering på andre samling.  Reiseutgifter, opphald på samling i Oslo og litteratur kjem i tillegg. Dessutan må deltakarane sjølve betale semesteravgift til SIO (p.t. 600 kroner).

Søknad
Det er no etablert nye rutinar for søknad til EVU-kurs for bispedømmerådstilsette prestar. Dei skal først søke om støtte til EVU-kurs til sin arbeidsgivar innan 15. mars, for så å søke om opptak til kurset direkte til kurshaldar. Les meir om dei nye søknadsrutinane her.

Alle søkere melder seg så direkte på til kurstilbydar innan 1. mai 2018 (eller til alle plassane er fordelt) på https://skjema.uio.no/93782.

Det blir tilbydd maksimalt 20 plassar på kurset.

Arrangør og fagleg ansvarleg

Kurset blir arrangert av Det teologiske fakultetet, Universitetet i Oslo og VID vitenskapelige høgskole, Stavanger. Forelesarar og faglege ressurspersonar er professor Oddbjørn Leirvik (TF, hovudansvarleg), førsteamanuensis Anne Hege Grung (TF), førsteamanuensis Safet Bektovic, førsteamanuensis Gerd Marie Ådna (VID) og førsteamanuensis Kari Storstein Haug (VID).

Publisert 2. feb. 2018 12:28 - Sist endret 13. juni 2018 14:25