Ynskjer du å reise på utveksling?

Fredag 2. februar kan du kome og snakke med studierettleiar om utveksling i foajeen frå kl 11-12.

Dette er ein glimrande moglegheit til å få svar på små og store spørsmål du måtte ha om delstudiar i utlandet. Anten du tenkjer på å reise ut neste semester eller ein gong lenger fram i tid. Det er lagt opp til at alle som studerer ved TF skal kunne ta minst eit semester i utlandet, og vi ynskjer at flest mogleg skal nytte seg av denne moglegheita!

NB! Frist for å søkje utveksling for hausten 2018 er 15. februar.

Emneord: Utveksling
Publisert 18. jan. 2018 09:23 - Sist endret 18. jan. 2018 09:23