Ynskjer du å reise på utveksling?

Torsdag 31. august kan du kome og snakke med studierettleiar om utveksling i foajeen frå kl 13-14.

Dette er ein glimrande moglegheit til å få svar på små og store spørsmål du måtte ha om delstudiar i utlandet. Anten du tenkjer på å reise ut neste semester eller ein gong lenger fram i tid. Det er lagt opp til at alle som studerer ved TF skal kunne ta minst eit semester i utlandet, og vi ynskjer at flest mogleg skal nytte seg av denne moglegheita!

NB! Frist for å søkje utveksling for våren 2017 er 15. september.

Emneord: Utveksling
Publisert 23. aug. 2017 16:13 - Sist endret 25. aug. 2017 16:35