Birgitte Lerheim

Førsteamanuensis - Fagseksjonen
Bilde av Birgitte Lerheim
English version of this page
Telefon +47-22850385
Mobiltelefon 91795331
Rom M118
Brukernavn
Besøksadresse Domus Theologica
Postadresse Postboks 1023 Blindern 0315 OSLO
Andre tilknytninger Det teologiske fakultet

Faglege interesser

Fellesskap og relasjonalitet – i kyrkja og elles

Brennpunktet for dei faglege interessene mine er fellesskap og relasjonalitet. Fellesskap og relasjonalitet er fenomen som ikkje kan tenkjast vekk frå det å vere menneske, og med dette heller ikkje frå det å vere kyrkje. I doktorgradsprosjektet mitt arbeidde eg med korleis desse fenomena blir omtala og brukt når kyrkje blir tenkt og gjort. Casestudier av ungdomsteologi, læring i kyrkja, ekklesiologiske fellesskapsdiskursar, digitale moralske fellesskap og nyare kyrkjedanningar innan kristne lekmannsorganisasjonar i Noreg vart drøfta i lys av anna aktuell kyrkjeforsking i interaksjonflatene mellom empiri og teologi. Eg fann at det ofte blir snakka om fellesskap og kyrkje på ein måte som er idealiserande og lite forankra i dei faktiske erfaringane vi har med fellesskap og relasjonalitet. Kyrkjeleg tale om desse fenomenta har med dette ofte eit underskot når det gjeld å snakke, både empirisk og teologisk, om dei mindre greie sidene ved fellesskap og relasjonalitet.

Kyrkjeleg undervisning, fleksibel læring, kyrkjehistorie og pilegrim

Funna eg gjorde gjennom forskingsprosjektet Kyrkjehistorie i trusopplæringa (2009/20010) peika i same retning. Her undersøkte eg korleis historiske tema vart formidla i trusopplæringsreforma sin forsøksfase. Når historiske tema var brukt i læringsaktivitetar, var det i liten grad gjort med eit medvit om konflikter, kjelder og historiekritikk. Snarare var det "fortellingar om fortida" som vart brukt med intensjon om positiv lokal identitetsdanning, og det var overvekt av mellomalderromantikk og lokalhistorie når slike fortellingar vart formidla. Kyrkjelydspedagogar er sjølve minnepolitikarar enten dei veit og vil det eller ikkje, og prosjektet oppfordra til refleksjon over dette. Eg arbeider for tida med eit prosjekt finansiert av Norgesuniversitetet, der TF i samarbeid med Høgskulen i Volda har etablert eit årsttudium i kyrkjeleg undervisning. Målgruppa er tilsette i Den norske kyrkja si trusopplæring. Her får eg vidareført ei mangeårig interesse for læring og digitale medier, og her tar eg saman med Roger Jensen, leiar av pilegrimssenter Oslo, vidare erfaringane frå kyrkjehistorieprosjektet i utforminga av eit studiemne i kristendomshistorie for kyrkjelydspedagogar. Dette er også emne for ein komande forskingspublikasjon vi arbeider med ilag.  Saman arbeider vi også med eit mindre prosjekt om pilegrim og thirdspace.

Å sørgje på internett

I seinare forsking har eg videreført interessen for korleis digitalt medierte fellesskap framstår og kva desse gjer med vår forståing av fellesskap og relasjonar. Eg har mellom anna gjort nokre studier av korleis unge menneske og foreldre utøver sorg gjennom ulike former for sosiale medier. Ungdom minnest avlidne kameratar på Facebook og Instagram, og "engleforeldre" (foreldre som har opplevd foster- eller spedbarnsdød) skriv bloggar og lagar minnesider. Sorg i det offentlege rommet er ikkje noko som plutseleg har dukka opp på grunn av den kommunikasjonsteknologiske utviklinga – fenomenet har ei lang historie (og forskingshistorie). Men sorg har alltid vore eit relasjonelt fenomen. I dag er deler av vår utøving av relasjonar og fellesskap, enten det handlar om sorg eller glede, digitalt mediert. Medieringa gjer noko med måten vi opplever og fortolkar fellesskap og relasjonar på. Med omgrep frå forsking om sosial kapital kan vi kan hende seie at fellesskap i dag går mykje i retning bruer: fellesskap mellom folk og grupper som i utgangspunktet ikkje er så like, medan den tradisjonelle fellesskapsforståinga har gått meir i retning band: fellesskap mellom dei same folka, samstades og samstundes. 

Kva gjer ein fadder?

Seinhaustes 2014 startar eg opp med eit toåring forskingsprosjekt om korleis fadderskap blir praktisert i Den norske kyrkja. I dåpsliturgien blir fadderskapet forstått utelukkande religiøst (det handlar om å be for barnet og lære det å bruke Guds ord og sakramenta – med unntak av ein passasjoe om å vise omsorg som kom inn i siste liturgirevisjon). Samstundes eksisterer det eit stort kompleks av forståingar og praksisar av fadderskapspraksis ved sidan av det strikt religiøse. Dette skal prosjektet studere. Eg leier prosjektet og skal i samband med dette gjere ein "nettnografisk studie" av korleis fadderskap og fadderansvar blir diskutert på sosiale medier. I prosjektet ligg også midlar til et samarbeid med Norsk etnologisk gransking der det blir laga spørjelister om fadderskap, til kvalitative intervju, historiske studier og studier av fadderskap i samisk kontekst.

Strategisk kyrkeforsking

Samlenemninga  for dei faglege arbeida mine er strategisk kyrkjeforsking  vidt forstått. Det vil seie at eg har ei forskingsmessig tilnærming til kyrkjefeltet som er medviten posisjonert i høve til gjeldande forskingsdiskursar og dei kulturelle og politiske debattane innan kyrkje, religion og samfunn som er knytte til desse. 

Forskingstemaer eg er opptatt av:

Ungdom og religion

Sosiale medier

Profesjonsetikk

Religionspedagogikk med vekt på læring i kirka

Digitale medier og læring

Ekklesiologi

Fadderskap

Pilegrim


Teoretiske og metodiske perspektiv:

Thirdspace

Interseksjonalitet

Kulturelt minne

Kjønn

Læringsteori

Undervisning

Eg er programleiar for Bachelor i kristendom, kultur og læring og Fleksibelt årsstudium i kyrkjeleg undervisning (http://www.tf.uio.no/studier/kirkelig-undervisning/)

Aktuelle studieemne:

TFF2010 Kristendom, oppvekst og læringhttp://www.uio.no/studier/emner/teologi/tf/TFF2010/index.html

KRIS1813 Kristendommens historie i trosopplæringen: http://www.tf.uio.no/studier/evu/kurs/2014/kris1811/index.html

TEOL4100 Protestantisk religion (forelesninger om karismatisk protestantisme og protestantiske lekmannsbevegelser i Norge) http://www.uio.no/studier/emner/teologi/tf/TEOL4100/

KRIS1820 Teologisk grunnutdanning for Ten Sing Norway: http://www.tf.uio.no/studier/evu/kurs/2015/tensing/index.html


Tidligere studieemne:

www.uio.no/studier/emner/teologi/tf/DIAK1003/

www.uio.no/studier/emner/teologi/tf/TEOL2101/

www.tf.uio.no/studier/evu/kurs/2014/kris1811/index.html

www.tf.uio.no/evu/byggekirke/

www.uio.no/studier/emner/teologi/tf/TFEXFAC03/

Bakgrunn

Førsteamanuensis i religionspedagogikk og kirkelig undervisning ved TF fra mars 2013

I mellombels vitskapeleg stilling ved TF (stipendiat, seinare forskar og førsteamanuensis) 2000 - 2012

Tilsett i halv stilling ved IKO – kirkelig pedagogisk senter (www.iko.no) som fagleg leiar og redaktør av det utdanningsvitskaplege tidsskriftet Prismet 2009 - 2013

PhD 2009 med avhandlingen Vedkjenning og gjenkjenning. Refleksjoner i snittpunkta mellom kyrkjetenking og kyrkjepraksis. 

Cand. philol. i kristendomskunnskap 1996 med hovedoppgåva Etikk, embete og einskap. Aktuelle perspektiv på Den norske kyrkja (studentstipend fra Noregs Forskingsråd). Musikkpedagogikk (toårig utanning frå Høgskulen i Volda) og filosofi mellomfag (fordjupning i etikk og religionsfilosofi) som støttefag.

Har tidlegare arbeidd som forskingskonsulent ved TF, undervist tre år i ungdomsskulen og vore prestevikar i Den norske kyrkja.

Verv

Redaktør for Prismet, vitskapeleg tidsskrift for religionspedagogikk frå 2009 – 2013 (www.iko.no/prismet)

Redaktør for Prismet Bok - vitskapeleg publiseringskanal for bøker i teologi og religionspedagogikk frå 2010 – 2013 

Medlem i referansegruppa for prosjektet Menighetsutvikling i folkekirken ved Det teologiske menighetsfakultet 

Medlem av Kyrkjerådet sitt Utval for ungdomsspørsmål frå 2008 – 2011

Medlem av Kyrkjerådet sitt Utval for Kjønn og likestilling 2005 - 2007

Medlem i redaksjonen for St. Sunniva, tidsskrift for Norsk kvinnelig teologforening 2003 - 2008

Repr. for midlertidig vitskapleg tilsette i fakultetsstyret ved TF tidleg på 2000-talet

Samarbeid

Medlem av Norsk religionspedagogisk forskerforum (NOREFO) – http://www.norefo.no

Medlem av IASYM, International Assosiation for the Study of Youth Ministry –  www.iasym.net

Deltar i Network for Ecclesiology and Ethnograpy – http://ecclesiologyandethnography.wordpress.com

Samarbeid med Norges KFUK-KFUM om utvikling av studieemner – http://kfuk-kfum.no

Media

Intervju med Dagen om kyrkjedanningar i lekmannsorganisasjonane: www.dagenmagazinet.no/Kristenliv/tabid/256/Default.aspx

Kronikk om kvinnesynet i Da Vinci Koden (med Marianne B. Kartzow): www.dagbladet.no/kultur/2004/08/11/405125.html

Intervju med Uniforum om virtuelle moralske fellesskap: www.uniforum.uio.no/nyheter/2002/03/lager-moral-paa-nettet.html

Programomtale, Verdibørsen: www.nrk.no/programmer/radioarkiv/verdiborsen/2593415.html

 

 

 

 

 

Emneord: Religion i skolen, Profesjonsetikk, Erikk, Protestantisme, Fleksibel læring, IKT og læring, Kjønn og teologi

Publikasjoner

  • Lerheim, Birgitte (2016). Trosopplæring for Guds små prinsesser? Teologi, kjønn og læring i bibelbøker for barn.. Prismet.  ISSN 0032-8847.  67(1), s 19- 34
  • Lerheim, Birgitte (2013). Englar i cyberspace. Kirke og kultur.  ISSN 0023-186X.  2013(1), s 67- 88
  • Lerheim, Birgitte (2012). Ungdom, tradisjonar og relasjonar. Ei drøfting av interaksjonsflater mellom unge menneske og Den norske kyrkja, I: Erling Birkedal; Harald Hegstad & Turid Skorpe Lannem (red.),  Menighetsutvikling i folkekirken : erfaringer og muligheter.  IKO-forlaget.  ISBN 978-82-8249-071-9.  Kapittel.
  • Lerheim, Birgitte (2011). "Whose Context? Which Contextuality? Om kyrkje, kontekstualitet og kompleksitet", I: Jan Ove Ulstein & Per Magne Aadnanes (red.),  Vegar i vegløysa : ungdom, identitet og livssynsdanning i det postmoderne.  Tapir Akademisk Forlag.  ISBN 978-82-519-2741-3.  kapittel.
  • Lerheim, Birgitte (2011). Å sørgje på internett. Kyrkja og dei virtuelle sorgpraksisane, I: Asbjørn Simonnes (red.),  Digital trusopplæring.  Tapir Akademisk Forlag.  ISBN 978-82-519-2796-3.  artikkel.
  • Simonnes, Asbjørn & Lerheim, Birgitte (2011). Religionspedagogiske utfordringar i møte med trusopplæring på digitale arenaer, I: Asbjørn Simonnes (red.),  Digital trusopplæring.  Tapir Akademisk Forlag.  ISBN 978-82-519-2796-3.  Kapittel.  s 213 - 233
  • Lerheim, Birgitte (2010). Kirkehistorie i trosopplæringen - veien videre :. Prismet.  ISSN 0032-8847.  61(3), s 173- 184
  • Lerheim, Birgitte (2010). Lekmannsforsamlingar i endring, I: Pål Repstad (red.),  Norsk bruksteologi i endring: tendenser gjennom det 20. århundre.  Tapir Akademisk Forlag.  ISBN 978-82-519-2655-3.  kapittel.  s 171 - 187
  • Lerheim, Birgitte (2009). Are Bridging Communities Healing Communities?, In Neville Richardson (ed.),  Broken Bodies and Healing Communities, faith-based responses to HIV and AIDS in South African township.  Cluster Publications Pietermaritzburg.  ISBN 9781875053827.  artikkel.
  • Lerheim, Birgitte (2009). Kyrkje som nettverk?. Halvårsskrift for praktisk teologi.  ISSN 0800-6857.  2(1), s 24- 34
  • Lerheim, Birgitte (2008). "Frå lekmannsforsamling til kyrkjelyd - endringar i kyrkjesyn og kyrkjepraksis i tre lutherske lekmannsorganisasjonar på 1990- og 2000-talet". Norsk tidsskrift for misjonsvitenskap.  ISSN 1504-6605.  62(1), s 22- 42
  • Lerheim, Birgitte (2007). Emnekart som læringsverkty. Eit forsøk i interseksjonell teologisk praksis , I: Susanne Anette Kjekshus Koch (red.),  Ringer i vann. Fem år med Fleksibel læring ved UiO.  Fleksibel læring, Universitetet i Oslo.  ISBN 978-82-997407-1-5.  Artikkel.  s 111 - 124
  • Lerheim, Birgitte (2007). Lære og læring i Den norske kyrkja.Eit synoptisk blikk på Trusopplæringsreforma og Lærenemnda. Norsk Teologisk Tidsskrift.  ISSN 0029-2176.  (1)
  • Lerheim, Birgitte (2005). Kyrkje no? eit ekklesiologisk blikk på aktuell Youth Ministry-litteratur på norsk. Prismet.  ISSN 0032-8847.  (Årg. 56, nr 4), s 239- 255
  • Lerheim, Birgitte; Birkeflet, Svein Helge & Aas, Per Anders (1999). Hovedregister for Norsk Teologisk Tidsskrift årg. 76-100 (1975-1999). Norsk Teologisk Tidsskrift.  ISSN 0029-2176.  100(4), s 221- 277

Se alle arbeider i Cristin

  • Lerheim, Birgitte (2017). Langevåg Røde Kors. Folkehelse, fellesskap og friviljugheit gjennom 90 år-. Sulaposten.  (5), s 20- 21
  • Lerheim, Birgitte (2016). Angels in Cyberspace..
  • Lerheim, Birgitte (2016). Blogginnlegg i TFs reformasjonsblogg: Luther, leiker og læring. Mellom historie og kollektivt minne i populær barne- og ungdomskultur http://www.tf.uio.no/om/reformasjonsjubileet/reformasjonsbloggen/luther-leiker-og-lering.html. [www ].
  • Lerheim, Birgitte (2016). Læreplanarbeid og profesjonsskvis i Den norske kyrkja sitt trusopplæringsarbeid.
  • Lerheim, Birgitte & Jensen, Roger (2016). Doing church history with confirmands. Why and how..
  • Lerheim, Birgitte & Jensen, Roger (2016). Innlegg i TFs reformasjonsblogg: Reformasjonsdag, Allehelgensdag og Halloween http://www.tf.uio.no/om/reformasjonsjubileet/reformasjonsbloggen/reformasjonsdag-allehelgensdag-halloween.html. [www ].
  • Lerheim, Birgitte & Jensen, Roger (2016). Tro. Håp. Kjærlighet: Nådeløse og nådefulle rom – før og nå. I 2017 markerer lutherske kirker verden over at det er 500 år siden tesene i Wittenberg. Teseoppslaget var med å starte en religiøs revolusjon. Men er Luthers spørsmål våre spørsmål? Og hva kjennetegner det å være «luthersk» idag? Og er det noe ved «det lutherske» som kan hjelpe kirken til å være et nådefullt rom for ungdom i dag?.
  • Mejlbo, Kaja & Lerheim, Birgitte (2016, 28. mars). – Bibelhistorien er vanskelig å forklare. Mange barnehager dropper Jesus i påsken og satser på gule kyllinger i stedet. Men i Lommedalen er de trofaste mot flanellografen .  Asker og Bærums budstikke.
  • Guttormsen, Arne & Lerheim, Birgitte (2015, 21. januar). Nettveggen er blitt klagemur. Intervju i Vårt Land om sorg og sosiale medier. .  Vårt Land.
  • Lerheim, Birgitte (2015). Hvem er jeg på nettet? Et seminar om ungdom, sosiale medier og alle som har med ungdom å gjøre. .
  • Lerheim, Birgitte (2015, 21. januar). Intervju om sorg og sosiale medier, NRK P2 Nyhetslunsj.. [Radio].  NRK P2.
  • Lerheim, Birgitte (2015). Sorg i det offentlege rommet. Om estetisering av sorg i sosiale medier. .
  • Lerheim, Birgitte (2015). Å arbeide med Bibelen i kyrkjelege læringspraksisar med barn og unge.
  • Lerheim, Birgitte & Eidberg, Mathias Henrik (2015, 28. oktober). Skrekk og Gud? Et intervju om Halloween. . [Internett].  TF, UiOs nettsider.
  • Lerheim, Birgitte & Jensen, Roger (2015). Praciticing godparentship in the Church of Norway.
  • Lerheim, Birgitte & Swang, Espen Irwing (2015, 11. oktober). Fremmed for oss med sorg på internett?. [Internett].  http://www.tek.no/artikler/fremmed-for-oss-med-sorg-pa-inter.
  • Lerheim, Birgitte & Vestre, Trond (2015, 09. april). - Kan bli ordinert i eit anna bispedømme . [Internett].  NRKS NETTSIDER.
  • Lerheim, Birgitte (2014). Bokmelding: Barnetro og trosopplæring: Festskrift til Egil Sjaastad på 65-årsdagen.. Prismet.  ISSN 0032-8847.  (4)
  • Lerheim, Birgitte (2014). Identitet og kristendom. Foredrag.
  • Lerheim, Birgitte (2014). Trosopplæring for voksne?.
  • Lerheim, Birgitte & Jensen, Roger (2014). Bokanmeldelse: Kristen tro – oppdatert Nyhus, Kjell Arnold og Nyhus, Ole Jacob. 2013. Kristen tro – oppdatert. Kom forlag. 222 sider.. Prismet.  ISSN 0032-8847.  (2)
  • Lerheim, Birgitte & Jensen, Roger (2014). DOING CHURCH HISTORY WITH CONFIRMANDS (AND CER WORKERS). WHY AND HOW?.
  • Lerheim, Birgitte & Jensen, Roger (2014). Pilgrim Thirdspaces?.
  • Lerheim, Birgitte & Kartzow, Marianne Bjelland (2014). Jeg åpner min bibel, der står: Vær rosa! . Vårt land.  ISSN 0805-5424.
  • Lerheim, Birgitte (2013). Endringar i skulen sitt religionsfag. Prismet.  ISSN 0032-8847.  2013(3)
  • Lerheim, Birgitte (2013). Hurra for deg! Presentasjon av Prismet-utgåve i høve prof. Sverre Dag Mogstads 65 års-dag. Prismet.  ISSN 0032-8847.  2013(2)
  • Lerheim, Birgitte (2013). Innslag om grunnlovsjubileet 2014.
  • Lerheim, Birgitte (2013). Markering eller feiring?. Prismet.  ISSN 0032-8847.  2013(4)
  • Lerheim, Birgitte (2013). Reformasjonen og trusopplæringa. Refleksjonar etter ein studietur til Wittenberg. Prismet.  ISSN 0032-8847.  2013(4)
  • Lerheim, Birgitte (2013). Sosiale medier i sorg og krise. Foredrag for kreftsykepleiere i Vestfold.
  • Lerheim, Birgitte (2013). Youth Grieving Online. A Case Study Followed by Ethical Reflection.
  • Lerheim, Birgitte (2011, 13. mars). "Dine synder er tilgitt. Klemz Gud". [Internett].  http://www.forskning.no/artikler/2011/mars/284218.
  • Lerheim, Birgitte (2011). Grøn kyrkje - ein ny slags pietisme? Bokanmeldelse av: Saving nature : religion as environmentalism, environmentalism as religion / Tarjei Rønnow. Prismet.  ISSN 0032-8847.  62(3)
  • Lerheim, Birgitte (2011). Nettet på godt og gale: Refleksjonar etter 22 juli. Dag og Tid.  ISSN 0803-334X.  50
  • Lerheim, Birgitte (2011). Når sorgen blir offentlig. Om sorg på nettet etter 22. juli.
  • Lerheim, Birgitte (2011). Rapport: Loggføringsverktøy for kompetansekartlegger for kirkelig undervisning.
  • Lerheim, Birgitte (2011). Ung i kyrkja 2010. Korleis nyttar unge vaksne mellom 18 og 30 kyrkja?.
  • Lerheim, Birgitte (2010). Bokanmeldelse av: Grensesprengende! : forkynnelse for ungdom / Hans Austnaberg (red.). Prismet.  ISSN 0032-8847.  61(3), s 212- 214
  • Lerheim, Birgitte (2010). Bokanmeldelse av: Moderne teologi : tradisjon og nytenkning hos det 20. århundrets teologer / Ståle Johannes Kristiansen og Svein Rise (red.). Norsk Teologisk Tidsskrift.  ISSN 0029-2176.  111(2), s 153- 155
  • Lerheim, Birgitte (2010). Contextuality, intersectionality and youth ministry.
  • Lerheim, Birgitte (2010). Co-respondent to "Theologizing with Youth as Youth Ministry? Pedagogical and Theological Reflections" (prof. Bert Roebben, Dortmund).
  • Lerheim, Birgitte (2010). "Fellesskap på godt og gale", I: Elisabeth Torp & Gaute Brækken (red.),  Grenser som skaper.  IKO-Forlaget AS.  ISBN 978-82-8249-025-2.  kapittel.  s 144 - 154
  • Lerheim, Birgitte (2010). "Innspill til en norsk konfirmasjonsteologi".
  • Lerheim, Birgitte (2010). Keynote Respondent to Conference paper of prof. Ulrich Schwab, Munchen: Church Youth Work of the Future – Challenges to Contemporary Youth Work and Considerations of Underlying Principles.
  • Lerheim, Birgitte (2010). Kirkelige og folkelige feiringer av Halloween/Allehelgensdag i Norge.
  • Lerheim, Birgitte (2010). Presentasjon av funn i doktorgradsavhandlinga Vedkjenning og gjenkjenning med fokus på religionspedagogiske implikasjonar.
  • Lerheim, Birgitte (2010). Respondent to prof. Terri Elton who presented the project "Exemplary Youth Ministry" (see www.exemplaryym.com).
  • Lerheim, Birgitte (2010). "Teologi på bedehuset og i lekmannsforsamlingene".
  • Lerheim, Birgitte (2010). Ung i kyrkja 2010. Korleis nyttar unge vaksne mellom 18 og 30 kyrkja? Artikkel på Den norske kyrkja sine nettsider. http://www.kirken.no/index.cfm?event=doLink&famId=203439.
  • Lerheim, Birgitte (2010). Ungdom, etikk og digitale medier.
  • Lerheim, Birgitte (2010). "Vellykka bloggkvinner? Sosial teknologi og kvinneroller.".
  • Lerheim, Birgitte & Morvik, Eigil (2010). Endringer. Prismet.  ISSN 0032-8847.  60(2)
  • Lerheim, Birgitte & Morvik, Eigil (2010). Grenser og imaginasjon. Prismet.  ISSN 0032-8847.  60(1)
  • Lerheim, Birgitte & Morvik, Eigil (2010). Vi deler. Prismet.  ISSN 0032-8847.  60(3)
  • Lerheim, Birgitte (2009). Fellesskap på godt og vondt.
  • Lerheim, Birgitte (2009). Halloween i kyrkja. Prismet.  ISSN 0032-8847.  60(3), s 205- 208
  • Lerheim, Birgitte (2009). Innhaldsdimensjonen i trusopplæringa.
  • Lerheim, Birgitte (2009). Kirke som nettverk - om sosial teknologi og fellesskapsforståelse.
  • Lerheim, Birgitte (2009). Kjønn og seksualtet - har kirka et språk for dette?.
  • Lerheim, Birgitte (2009). Ungom og relasjonell IKT, foredrag ved jubileumskonferanse for Kirkelig Utdanningssenter i Nord.
  • Lerheim, Birgitte (2009). Vedkjenning og gjenkjenning: Refleksjonar i snittpunkta mellom kyrkjetenking og kyrkjepraksis.
  • Lerheim, Birgitte (2008). Deling og tolking av erfaringar i trusopplæringsreforma. Luthersk Kirketidende.  ISSN 0332-5431.  143(15)
  • Lerheim, Birgitte (red.) (2008). Gutter og jenter i kirka. Rapport fra trosopplæringsprosjektet "Gutter og jenter i kirka". St.Sunniva nr. 4/2008.
  • Lerheim, Birgitte (2008). Oppdrag og utfordring: Å vere betydningsfulle andre. St. Sunniva: Forum for Norsk Kvinnelig Teologforening.  ISSN 0808-2901.  (4), s 151- 157
  • Lerheim, Birgitte (2008). Relasjonell teknologi og fellesskap.
  • Lerheim, Birgitte (2007). Dåp, kjønn og forteljing.
  • Lerheim, Birgitte (2007). Halloween i og ved Gamle Aker kirke og kirkegård. Ressursmateriale for trusopplæring. Rapport frå tiltak samt ressursdokument . [www ].
  • Lerheim, Birgitte (2007). Internettpraksis og kyrkjepraksis.
  • Lerheim, Birgitte (2007). Trusopplæring og kjønn. Foredrag på nettverkskonferanse knytt til Størt av alt, Den norske kyrkja si trusopplæringsreform.
  • Lerheim, Birgitte (2006). Kvifor gjere det lett når ein kan gjere det vanskeleg? Refleksjonar kring lærenemnda sitt arbeide med spørsmålet om homofilt samlevande . St. Sunniva: Forum for Norsk Kvinnelig Teologforening.  ISSN 0808-2901.  (1)
  • Lerheim, Birgitte (2006). ungkyrkjepraksis.no : Nokre føresetnader for å tenke, tale og gjera opa folkekyrkje sett frå ein ungdomsteologisk ståstad. Kirke og kultur.  ISSN 0023-186X.  111(3), s 339- 346
  • Lerheim, Birgitte (2004). Leder i temanummer og kirketenkning og kirkepraksis. St. Sunniva: Forum for Norsk Kvinnelig Teologforening.  ISSN 0808-2901.  (1/2)
  • Lerheim, Birgitte (2003). Om truskap og utruskap på nettet. St. Sunniva: Forum for Norsk Kvinnelig Teologforening.  ISSN 0808-2901.  (1/2)
  • Lerheim, Birgitte (2002). 11.søndag etter pinse. Tekstgjennomgang. Nytt norsk kirkeblad : for teologi og praksis.  ISSN 0802-9504.
  • Lerheim, Birgitte (2002). 21. søndag etter pinse. Tekstgjennomgang. Nytt norsk kirkeblad : for teologi og praksis.  ISSN 0802-9504.  2002(4)
  • Lerheim, Birgitte (2002). Fantasi og virkelighet i ei diskusjonsgruppe på internett. Føredrag ved Humanioradagane 2002.
  • Lerheim, Birgitte (2002, 08. april). Tankebildet, NRK P2, Rembrandt: "Dr. Tulps anatomitime". Om genteknologi. [Radio].  Oslo : NRK P2, Verdibørsen.
  • Lerheim, Birgitte (2002). Utroskap på nett.
  • Lerheim, Birgitte (2002, 07. mars). Utroskap på nett. [Radio].  Oslo : NRK P2, Wok.
  • Lerheim, Birgitte (2001). Bokmelding ¿ Engedal m.fl.: Troen er løs. Norsk Teologisk Tidsskrift.  ISSN 0029-2176.  2001(2), s 117- 118
  • Lerheim, Birgitte (2001). Ekklesiologiske innspel til årsrapport for Sula kyrkjelyd.
  • Lerheim, Birgitte (2001). tekstkommentar til Såmanssøndagen. Nytt norsk kirkeblad : for teologi og praksis.  ISSN 0802-9504.  2001(7), s 40- 41

Se alle arbeider i Cristin

Publisert 3. feb. 2010 16:22 - Sist endret 19. mai 2016 13:40