Reformasjonen og norsk språkhistorie

Heilt sidan Noreg vart kristna har kristendomen spela ei avgjerande rolle i norsk språkhistorie. 

Ei viktig side ved reformasjonen var å spreia gudsordet til folket på eit språk dei forstod, og omsetjingar av religiøse tekstar vart viktige for utviklinga av folkemåla i Europa som skriftspråk. Her skil Noreg seg frå nabolanda våre, med di reformasjonsskriftene kom til oss på dansk.

By Cover designed by Erhard Altdorfer (wood carving) [Public domain], via Wikimedia Commons

Med kristendomen kom det latinske alfabetet til Noreg

Kristendomen er ein bokreligion der det skrivne ordet, fyrst og fremst Bibelen, står sentralt, og med kristendomen kom det latinske alfabetet til Noreg. Til å byrja med var denne skrifta knytt til religiøse tekstar på latin, men etter kvart voks det fram ein litteratur på morsmålet. Mange av tekstane på gamalnorsk har religiøst innhald, men det vart òg skrive i verdslege sjangrar som lover, historie og soger.

Skriftspråket i Noreg var dansk

I løpet av seinmellomalderen, særleg siste helvta av 1400-talet, vart skriftspråket i Noreg dansk. Dette heng saman med den politiske utviklinga, der Noreg var dominert av Danmark. København var sentrum og språkforma der hadde høgst prestisje. Difor retta nordmenn etter kvart skriftspråket sitt etter danske modellar, og det meste som er skrive i Noreg etter ca. 1500 er på dansk.

Inga sterk reformasjonsrørsle i Noreg på 1500-talett

Reformatorane la vinn på å gjera Bibelen og andre religiøse tekstar tilgjengelege på folkemåla, og utover 1500-talet kom det bibelomsetjingar på både dansk, svensk og islandsk. Den nye prentekunsten gjorde det mogleg å spreia både Bibelen og andre religiøse skrifter vidare enn før. I Noreg vart dei danske omsetjingane nytta, av to årsaker: For det fyrste var det inga sterk reformasjonsrørsle her i landet; reformasjonen vart tvungen på oss ovanfrå og utanfrå. Og om ein nordmann hadde sett seg til å setja om Bibelen i 1530-åra, hadde det uansett vorte til ein slags dansk, for det var skriftspråket i landet på den tida.

Då folkemåla i protestantiske land vart kyrkjespråk, auka det statusen deira andsynes den lærde latinen. I norsk samanheng var det dansk som naut godt av denne statusen, det var det som vart «Guds eige språk» i den reformerte statskyrkja. Dét var språket kyrkjelyden møtte i liturgi, salmesong og preiker – jamvel om norskfødde prestar kunne preika på norsk.

Dei fleste bøkene hadde religiøst innhald

Innføringa av obligatorisk konfirmasjon i 1736 kravde at folket fekk nok leseopplæring til å læra seg katekisma, og var den direkte årsaka til innføringa av ålmugeskulen i 1739. For mange var det nok framleis så som så med lesekunna, men i den grad folk åtte og las bøker, hadde dei fleste religiøst innhald: salmebøker, bibel og katekisme, huspostillar og bønebøker.

Viktig for landsmålsrørsla sist på 1800-talet å gjera landsmålet til kyrkjespråk

Kyrkjespråket, ikkje minst gjennom salmesong som kyrkjelyden skulle delta aktivt i, vart noko alle kjende til. Når all leseopplæring samstundes var knytt til religiøse tekstar på dansk, fekk det danske skriftspråket ei sentral stilling som òg påverka norske talemål. Difor vart det òg viktig for landsmålsrørsla sist på 1800-talet å gjera landsmålet til kyrkjespråk – men det er ei anna historie.

Reformasjonen skal ikkje få «skulda» for at skriftspråket i Noreg vart dansk, for det skjedde tidlegare. Men at det religiøse språket i hundreåra etter reformasjonen var dansk, fekk mykje å seia for både skrift og tale i Noreg.

Emneord: Bibelen, Tekster, Salmesang, Kirkespråk, Folkespråk, Norsk, Dansk, Preker Av Ivar Berg
Publisert 13. nov. 2017 11:03