I sanning luthersk og rett

Eit av dei mest kjente og gode Luther-sitata, det om epletreet, stammar ikkje frå Luther. Derimot uttalte den historiske Luther seg om jødar og kvinner på ein uevangelisk måte. Kva skal vi som teologar gjere med dette misforholdet?

Noko av det finaste Luther aldri sa

«Om jeg visste at verden gikk under i morgen, ville jeg likevel gå ut i min hage og plante et epletre i dag» er noko av det finaste Luther aldri sa. Dette apokryfe Luther-utsegnet er faktisk berre 73 år gamalt. Det var første gongen trykt i eit brev som vart skrive til lokale medlemmer av vedkjenningskyrkja, den kyrkjelege grupperinga som motsette seg den nazistisk nyordning av kyrkja, i oktober 1944. Sitatet skriv seg altså frå ei tid etter Stalingrad og det mislykka attentatet på Hitler. Det er i denne historiske konteksten at det tidlegare ukjende Luther-ordet blir brukt som ei evangelisk oppmoding: «Lat dykk ikkje bli mismodige  av dette skriftet om den spente situasjonen vårt folk står i no. Vi må heller rette oss etter Luther-ordet: «Og om verda skulle gå under i morgon, vil vi plante vårt vesle epletre i dag»). » («Wir müssen uns wohl nach dem Luther-Wort richten: «Und wenn morgen die Welt unterginge, so wollen wir heute unser Apfelbäumchen pflanzen».) Den tyske reformasjonseksperten Thomas Kaufmann er ikkje i tvil om at ut frå ei sakkritisk vurdering kan ikkje dette stamme frå den historiske Luther: Det stemmer ikkje med korleis Luther elles skildra forholdet mellom dommedag og menneskelege gjerningar. Bortsett frå det er det jo lite sannsynleg at eit ekte Luther-ord har blitt bevart i muntleg tradisjon i over fire hundre år. Det hermeneutiske spørsmålet spørsmålet som då trenger seg på er om eit slikt  apokryft Luther-sitat stadig har meining? Bør vi halde fram med å plante epletrær også under Trump? Sjølvsagt bør vi det. Kanskje ikkje av omsyn til Luther, men for å styrke lokal matproduksjon og også livsmotet.

At ord er bibelske eller Luthers eigne ord er ikkje i seg sjølv argument for at dei er evangeliske og sanne

Behovet for målretta arbeid mot krig og miljøøydelegging er ikkje akkurat mindre i reformasjonsåret. Det er stadig nødvendig at nokre kritiserer styresmaktene, til dømes for innvandringspolitikken. Slikt nødvendig arbeid for fred, rettferd og økologiske verdiar bør lutheranarar og andre kristne ta del i saman med alle menneske av god vilje. Ikkje for å fortene frelse, heller ikkje fordi Luther har sagt det, men fordi det er nødvendig i bokstaveleg forstand: Det kan vende nød. Mens vi førebur utplanting av stadig nye epletre i Norge og oliventre i Palestina, kan vi tenke igjennom om det falske, men riktige Luther-utsegnet om epletre kan lære oss noko om verdien av andre autoritative utsegn, til dømes frå styresmakter eller dei bibelske skriftene. At ord er bibelske eller Luthers eigne ord er ikkje i seg sjølv argument for at dei er evangeliske og sanne. Det er i seg sjølv ei luthersk innsikt.

Eit nytestamentleg eksempel er det såkalla aposteldekretets klåre formaning frå «Den heilage ande og vi» (Ap Gj 15,28) som med all mogleg rett ikkje har blitt oppfatta som særleg evangelisk og bindande i etterkant. Den historiske Luthers ord om jødar, bondeopprør eller kvinner er på same måte slett ikkje bindande og sanne uttrykk for kristen tru.

Av og til må ein velje

Av og til må ein velje mellom å vere luthersk, bibelsk eller evangelisk. Og den lutherske ryggmargsrefleksen er å velje det siste.

Opplysingane om epletre-sitatet er henta frå Thomas Kaufmanns bok Erlöste und Verdammte. Eine Geschichte der Reformation, München 2017, sidene 409-411.

Emneord: Luther, Bibelen, Jøder, Palestina, Miljø, Evangelisk, Hitler Av Rolv Nøtvik Jakobsen
Publisert 23. nov. 2017 11:41 - Sist endret 23. nov. 2017 11:41