Seminar på Litteraturhuset: Luther 2017 - Tilbakeblikk på reformasjonsjubileet

Eit dagsseminar som analyserer og diskuterer markeringar av reformasjonsjubileet i Tyskland, Sverige, Danmark og Noreg.

Grafisk design: Merete Berg Toreg

Om seminaret:

Over heile den protestantiske verda har 2017 blitt feira som 500-årsjubileet for starten på reformasjonen. Ulike aktørar har brukt det til å fremje verdiar og formidle notidige bodskap som dei har funne viktige. Slik har feiringa vore ei politisk handling og reformasjonsjubileet minnepolitikk, fordi det har gjeve tolkingar av fortida som kan påverka haldningar og handlingar i samtida.

Seminaret skal handle om korleis historia om reformasjonen blei “gjenfortalt” i 2017. Det skal drøfte iscenesetjinga av reformasjonsjubileet, mest i Noreg, men også med eksempel frå andre nordiske land og frå Tyskland.

Ei sak som gjer feiringa i Noreg 2017 særleg interessant, er at ho fell saman med den formelle avviklinga av statskyrkja, eit ektefødd barn av reformasjonen. Korleis har statslutherdomen blitt feira i året for statslutherdomen si gravlegging på kyrkjeleg såvel som statleg hald? Og korleis har dei problematiske sidene ved Luther blitt handsama, hans hatske utfall mot pave, jødar og muslimar? Dette er nokre av dei tema vi vil sjå nærare på.

Innleiarar/paneldeltakarar :

Per Kristian Aschim, fagsjef i Presteforeningen
Ånund Brottveit, forskningssjef ved KIFO
Otfried Czaika, professor i kirkehistorie ved MF
Hallgeir Elstad, professor i norsk kirkehistorie ved UiO:TF
William Hazell, seksjonssjef i Bergen Kommune
Helge Jordheim, professor kulturhistorie og museologi
Halvor Nordhaug, biskop Bjørgvin
Tore Skjæveland, kyrkjefagsjef Bjørgvin
Tarald Rasmussen, professor i allmenn kirkehistorie ved UiO:TF
Einar Thomassen, professor i religionsvitenskap ved UIB
Aud V. Tønnessen, professor i nyere norsk kirkehistorie ved UiO:TF
Margit Warburg, professor ved Institut for Tverrkulturelle og Regionale Studier, København Universitet
Olaf Aagedal, forsker ved KIFO
Alf Kjetil Walgermo, redaktør for Kultur og idéer i Vårt Land

Praktisk informasjon:

Spørsmål om programmet sendes til Olaf Aagedal eller Aud V. Tønnessen.

Praktiske spørsmål om seminaret sendes til Ina Holmstad, (tlf: 23 33 47 20)

Seminaret er ope for alle.

Pris: 300 kr
Gratis for studentar

Påmelding til seminaret. 

 

Program

9.30 – 10.00 Registrering, kaffe.

kl.10.00 Seminarstart

-Velkomst v/Aud V. Tønnesen og Ånund Brottveit

-Olaf Aagedal: Reformasjonsjubileet i eit minnepolitisk perspektiv.

 

Historiske perspektiver.

-Thomas E. Slettebø: Reformasjonsjubileet; alle jubileers mor?

-Hallgeir Elstad: Hvordan jubilerte  vi før? Norske reformasjonsfeiringer i 1917 og 1937.

-Spørsmål og kommentarer.

 

-11.45 Lunsj.

 

12.25 2017-jublieet i et komparativ perspektiv

-Tarald Rasmussen: 2017 i Luthers land.

-Otfried Czaika: Reformasjonsmarkeringen i Sverige 2017.

 -Margit Warburg: Folkefest og civilreligion. Reformasjonsfeiringen i Danmark 2017.

-Spørsmål og kommentarer.

 

13.50 Pause. Kaffe/kake/frukt.

 

14.10- Tore Skjæveland: Da Luther kom til Bergen. Hva gjorde det med oss? Intervju med sentrale bidragsytere i nasjonal markering i Reformasjonsbyen Bergen (Einar Thomassen/UIB, William Hazell/Bergen Kommune).Lenker med bakgrunnsinformasjon om reformasjonsfeiringa i Bergen

-Ånund Brottveit: Feiringssteder og feiringsformer. Nasjonale reformasjonsmarkeringer i Norge  2017.

-Per Kristian Aschim: Lokale norske feiringer.

-Spørsmål og kommentarer.

 

15.20 Panel- og plenumsdebatt: Kritisk tilbakeblikk på 2017-jubileet.

Panel: Halvor Nordhaug, Margit Warburg, Aud V. Tønnesen.

Debattleder: Helge Jordheim.

 

Slutt kl. 16.00

Publisert 17. nov. 2017 12:41 - Sist endret 8. jan. 2018 14:59