Gode resultat i landsomfattande evaluering

Fredag 23. juni blei resultata frå den store humanioraevalueringa offentleggjort. TF kjem godt ut av evalueringa i følgje prodekan Hallgeir Elstad.

Prodekan Hallgeir Elstad er godt nøgd med resultata frå HUMEVAL. Foto: Alexander Tufte

Norsk humanioraforsking er no evaluert i regi av Noregs Forskingsråd. For første gong på meir enn 30 år blir no heile feltet sett under eitt. Dette er også første gong at humaniora sitt samfunnsbidrag og forskinga sitt bidrag til utdanningane blir evaluert.

Gjennom HUMEVAL har 2300 forskarar, 97 forskargrupper og 36 institusjonar vorte evaluerte av 54 internasjonale fagekspertar fordelte på åtte fagpanel.

Humaniora held høgt nivå

Det kjem fram i evalueringa at norsk humaniora er velfinansiert og held eit høgt internasjonalt nivå på ei rekkje område.

Dei siste ti åra har det vore ei positiv utvikling når det gjeld publisering, kvalitet, produktivitet, internasjonalisering, utvikling av ph.d.-utdanninga og styrking av kvaliteten i forskargruppene. Innanfor alle områda finst det forskargrupper med høg internasjonal kvalitet.

Toppskår for TF-forskargruppe

Prodekan Hallgeir Elstad meiner vi ved TF har grunn til å vere godt nøgde med resultatet av HUMEVAL. Han seier fakultet vil bruke resultata frå HUMEVAL aktivt i arbeidet med fakultetets forskingsstrategi.

Elstad fortel at  fagpanelet konkluderer slik: ”The overall assessment of the Faculty of Theology is very good”.

-Forskingsområda til fakultetet har potensial for ”excellence”, og det gjeld særleg innanfor teologi og interreligiøse studiar.

Elstad trekker også fram at forskargruppa Det nye testamentet og tidlig kristendom var ei av berre to forskargrupper i evalueringa av religions- og teologifeltet som fekk toppskår, noko han synast er eit svært gledeleg resultat for fakultetet.

Tverrfagleg fokus

 -Gledeleg er det òg at fagpanelet verdset TFs faglege arbeid innanfor teologi, seier Elstad.

I rapporten konstaterer panelet at fakultetet ”embraces a very modern interpretation of Theology, which sees Religion and Theology embedded in cultural processes that have to be studied in an interdisiplinary way. The existence of Religious Studies at UiOTF helps facilitate a Theology that is capable if dealing with 21st-century issues”.

–Dette stadfestar at den satsinga fakultetet har gjort på interreligiøse studiar over dei siste åra har vore viktig, fastslår Elstad.

Han meiner det òg er interessant at evalueringa rår til større grad av tverrfakultært samarbeid internt ved UiO, i første rekkje med religionsvitarane ved Det humanistiske fakultet.

Les meir:

Evalueringa av TF i rapporten frå panel 7. (pdf)

Generell rapport for hele humaniorafeltet. (pdf)

Alle HUMEVAL-rapportane.

Publisert 26. juni 2017 14:51 - Sist endret 27. juni 2017 11:01