Relansering av forskerskulen RVS

Saman med fleire andre norske og skandinaviske universitet og høgskular har TF siden 2009 vore med i The national interdisciplinary Research School Religion-Values-Society(RVS).  I fjor haust vart det kjend at samarbeidet  har fått ei tildeling frå Norges forskingsråd som nasjonal forskarskule, frå 2016 til 2023.

9. februar vart den nye fasen av RVS lansert og The national interdisciplinary Research School Religion-Values-Society tredde i kraft.

– Tildelinga er eit løft for religions- og verdiforskinga i Norge, og ikkje minst skaper den eit grunnlag for utvida samarbeid på tvers av institusjonar, fagdisipliner og nasjonale grenser, seier prosjektleiar Geir Afdal, professor ved MF.

9. februar var det ei formel mottaking for å lansere nye RVS, på Menighetsfakultetet i Oslo, der medlemsinstitusjonar og doktorgradsstudentar var inviterte. RVS sitt nye styre, som består av representantar frå kvar medlemsinstitusjon og frå doktorgradsstudentane, hadde òg eit møte tidlegare på dagen der rammene for samarbeidet vart sett og, ikkje minst, det første opptaket av nye student-medlemmar avgjort. 26 nye doktorgradsstudentar vart tekne opp i denne omgangen, som saman med dei 17 som vidareførar sin medlemskap frå den tidlegare RVS gjer at det no er 38 doktorgradsstudentar med i forskarskulen.

– Vi er svært glade for dette store opptaket. Med dette har vi etablert eit stort, vitalt fellesskap av doktorgradsstudentar frå våre institusjonar som vil få dei beste vilkåra ein kan tenke seg for å utvikle viktig, kanskje til og med banebrytande, kunnskap om religion og verdiar, lokalt og globalt, seier nyvald styreleiar Bård Mæland (VID).

Fleire viktige institusjonar innanfor forsking på religion, verdiar og samfunn var allereie med i RVS: Det teologiske Menighetsfakultet, VID vitenskaplege høgskule, Universitetet i Agder, Høgskulen i Volda, Umeå Universitet i Sverige og Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo. Men i samband med den nye statusen som nasjonal forskarskule så utvidar RVS ytterlegare med Universitetet i Bergen, UiT Norges arktiske universitet, Norges teknisk-naturvitskaplege  universitetet (NTNU) og Uppsala Universitet i Sverige, samt eit strategisk partnerskap med Boston University i USA. Dermed inkluderer RVS no så godt som alle norske, og viktige nordiske, fagmiljø som arbeider empirisk med religion, verdiar og samfunn.

 

Publisert 2. mars 2016 13:47 - Sist endret 2. mars 2016 14:16