Fleire får tilbod om studieplass på profesjonsstudiet i teologi ved Det teologiske fakultet

Fakultetet sender samla ut om lag like mange tilbod om studieplass som i fjor. I år er det totalt sendt ut 179 tilbod via Samordna Opptak.

Studiedekan Hallgeir Elstad er glad for aukinga i antall tilbod om plass på profesjonsstudiet i teologi. Foto: UiO

Samanlikna med i fjor har profesjonsstudiet i teologi ein sterk auke i søkjartalet. Då sende fakultetet ut tilbod til 14 søkjarar i hovudopptaket. I år har fakultetet sendt ut 26 tilbod om studieplass. Dette er ikkje langt unna toppåret 2012, då 29 søkjarar fekk tilbod om studieplass.

Viktig for rekrutteringa til presteyrket

- Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo står fram som eit leiande miljø for teologisk utdanning i Noreg. Dette er svært gledeleg for oss, uttalar studiedekan Hallgeir Elstad. Det samsvarar med våre ambisjonar, og stadfestar effekten av den sterke satsinga vi har gjort på studentrekruttering dei seinaste åra.

- Oppgangen er ikkje minst viktig med tanke på rekrutteringa til presteyrket. Det er eit stadig aukande behov for prestar i Den Norske Kyrkja. Vi er glade for at fakultetet no bidrar til å utdanne ein større del av prestane til kyrkja.

Auking på Religion og Samfunn

Også bachelorprogrammet i Religion og Samfunn står for ein gledeleg auke. I år sender fakultetet ut tilbod om studieplass til 96 søkjarar på dette programmet. I fjor var talet 90, ein auke frå 79 året før.

Årseininga i teologi og kristendom går derimot noko ned. I år er det sendt ut 49 tilbod, mot 68 i fjor. Men det er likevel oppgang får 2012. Då fekk 46 tilbod om plass.

På det nye bachelorprogrammet i Kristendom, Kultur og Læring er det sendt ut 8 tilbod om studieplass. Dette er ein forsiktig start for programmet, som hovudsakleg rettar seg mot trusopplærarar innafor kyrkjeleg samanheng.

-Alle førstevalssøkjarane hos oss som er kvalifiserte, får tilbod om plass. Vi fyller opp studieplassane våre, og vil derfor ikkje ha studiar ute på Restetorget hos Samordna Opptak, avsluttar Elstad.

Kontakt: Hallgeir Elstad, tlf: 90035470, e-post: hallgeir.elstad@teologi.uio.no

Publisert 18. juli 2014 11:35