Det praktisk-teologiske seminars historie

Det praktisk-teologiske seminar (PTS) blei oppretta på permanent basis i 1848.

Seminaret skulle "meddele undervisning i Homiletik, Liturgik, Catechetik, Pastoraltheologi, Pedagogik i forbindelse med Methodik, samt Kirkesang og Messe". Målet har alltid vore å føre teologiske kandidatar fram til ordinasjon og presteteneste i Den norske kyrkja.

Fram til 1925 var PTS den einaste institusjonen i sitt slag i Norge. Da fekk Menighetsfakultetet rett til å gi praktisk teologisk utdanning - ein rett som frå 1986 òg blei tildelt Misjonshøgskolen i Stavanger. Frå og med 1999 vert det òg gitt praktisk-teologisk utdanning ved Kirkelig utdanningssenter Nord (KUN). KUN var ei underavdeling av Det praktisk-teologiske seminar fram til 2016.

Da Den norske kyrkja blei skild frå staten 1.1.2017 blei Det praktisk-teologiske seminar si avdeling i Oslo ein del av Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo. Samstundes blei KUN verande som ein del av Den norske kyrkja og samarbeider fagleg med VID vitskaplege høgskule som òg Misjonshøgskolen er ein del av frå 2016.

Da seminaret var 150 år i 1998, ga Hallgeir Elstad ut boka “...midt i den norske kirke...” - Det praktisk-teologiske seminar gjennom 150 år, 1848-1998.

Rektorar ved Det praktisk-teologiske seminar

1849-1851 Wilhelm A. Wexels

1852-1856 Andreas Grimelund

1856-1869 Julius Bruun

1869-1875 Peder Blessing

1876-1880 Johan C. Heuch

1881-1888 Gustav M Jensen

1888-1894 Julius Riddervold

1895-1901 Gustav M Jensen

1902-1913 Bernt Støylen

1914-1916 Johannes S. Johnson

1916-1926 Sigurd B. Jensen

1926-1953 Peter Marstrander

1953-1960 Arne Fjellberg

1961-1964 Alexander L. Johnson

1964-1978 Stephan Tschudi

1979-1988 Tor B. Aukrust

1989-1993 Rosemarie Køhn

1994-1999 Gunnar Stålsett

1999-2013 Geir Hellemo

2014-2016 Sivert Angel

 

Publisert 8. mai 2017 16:12 - Sist endret 8. mai 2017 16:12