-Etikk veks fram av levd liv

Det er ikkje først og fremst bøker og prinsipp som skaper etikk, men menneskelege møte, ifølgje ei ny bok.

Møte med bebuarane på to demensavdelingar gjorde sterkt inntrykk på forskar Adelheid H. Hillestad. Foto: Adelheid H.Hillestad.

Kan etikk formast gjennom livet vi lever, menneska vi møter og stadene vi møter dei på? Ja, meiner forfattarane av boka «Rom og etikk: Fortellinger om ambivalens». Dei skriv mellom anna om inkludering av flyktningar og folks syn på demente.

- Vi møter menneske i ulike rom. Det kan vere sjukerommet, eller kanskje rommet der det sit ein tiggar på gata og du går forbi. Vi meiner at det etiske og normative veks fram i dei erfaringane vi gjer oss når vi har møtt kvarandre i eit felles rom, seier Trygve Wyller, professor ved Teologisk fakultet, Universitetet i Oslo.

Wyller har redigert boka saman med professor Inger Marie Lid ved VID vitenskapelige høgskole. Andre bidragsytarar er forskarar frå Forskergruppen for profesjonsetikk, diakoni og praktisk teologi ved Teologisk fakultet.

Erfaringar frå to demensavdelingar

Til grunn for eitt av bokkapitla ligg stipendiat Adelheid H. Hillestad sine erfaringar etter eitt års feltarbeid på to demensavdelingar. Gjennom deltakande observasjon var ho til stades i bebuarane sine daglege gjeremål, og nokre møte gjorde sterke inntrykk på henne.

Adelheid har sjølv jobba som geriatrisk sjukepleiar i lang tid. Ho skriv mellom anna om møtet med «Gunnar»:  

«Når en trer inn på demensavdelingen hvor Gunnar bor, er han ofte å treffe gående i korridoren. Han er kledd i dress og skjorte. Han vandrer ofte mellom to stuer som ligger i hver sin ende av korridoren. Han kan komme inn i stueåpningen på gruppen han hører til, stoppe opp og se seg rundt, for så å spørre hvor han skal levere dokumentene han har gjort ferdig (…)»

Dokumenta kan for eksempel vere bretta spisebrikker eller serviettar.

Kan vere vanskeleg å møte demente

- Folk med demens lever i ulike rom samtidig. Dei er i sin eigen barndom, nokre gonger er dei på jobben sin, andre gonger sit dei i stova på sjukeheimen. Mange ikkje-demente synest det er vanskeleg å vere saman med demente, fordi ein aldri veit kva rom dei er i. Også tilsette ved demensavdelingar blir utfordra, seier Wyller.

Men den som møter Gunnar, deler også eit felles, fysisk rom med han. Spenninga mellom det som er felles og det som ikkje kan vere felles, er eit viktig tema i boka. Mange av forfattarane søkjer etter det ein deler, kva det vil seie å vere i same rom, trass i alle skildnadene og dei ulike maktforholda.

- Vi menneske blir forma av møte med menneske som Gunnar. Det vil prege våre etiske haldningar. Eg har min eigen bakgrunn og vil aldri kunne bli med inn i barndomsrommet hans. Men vi er fødde som menneske begge to, og der og da, når vi treffast, er vi i det same rommet.

Ingen dysvariant av det normale

Wyller trur at møte med demente kan endre vårt syn på denne gruppa menneske.

- Kanskje kan eit slikt møte hjelpe oss å ta innover oss at demente ikkje er ein dysvariant av det normale. Det er derimot ei gruppe menneske som vi berre må lære mykje meir om. Vi må anerkjenne at dei flyttar seg frå eit rom til eit anna på eit sekund. Dei har ein annan måte å vere på.

Han meiner at det å vere meir aksepterande overfor andre menneske, også er noko vi bør ta med oss over i kvardagen elles.

- Vi møter mange menneske. Alle er ulike oss, om det er kjærasten, barna våre eller naboen. Det å kunne vere saman med folk som ikkje er like oss, gjer oss rikare. Vi deler likevel noko grunnleggande menneskeleg, meiner Wyller.

Redde for å miste eigen kultur

Ein bakgrunn for boka er flyktningkrisa, og at mange kjenner på ei frykt for at eins eigen kultur skal gå i stykke.

- Mange fryktar at det kjem altfor mange framande inn i det felles rommet vårt, og at det skal bli ete opp av andre kulturar. Sjølv trur eg ikkje at det er slik. Kanskje kan dei som kjem heller tilføre noko, foreslår Wyller.

- Dei som kjem, kan gjere oss rikare. Det blir skapt noko som verken er norsk eller somalisk, men noko nytt.

Vil ikkje romantisere

Kva så med negative erfaringar? Nokre gonger hender det jo at vi får dårlege erfaringar i møte med andre menneske?

- Boka er ikkje ei romantisering. Det finst ein hærskare mislykka situsjonar, der det framande blir så vanskeleg å handtere at det ikkje berre å er å klappe på skuldra og seie at dette var fint, seier Wyller.

 Av og til vil det vere konfliktar og motstand i dei romma vi møter andre menneske i.

- Det gjeld til dømes viss framande skulle velje å okkupere rommet og seie at no er det deira kultur som gjeld. Dette vil vere misbruk av det felles rommet. Ansvaret for dette rommet gjeld begge vegar. «Rom og etikk» handlar om å lære seg å sjå kva vi deler, og om dei etiske forpliktingane som følgjer med.

Fleire likskapar enn skilnader

Ifølgje Wyller har boka to hovudbodskapar: Den eine er at vi må anerkjenne at det vi deler som menneske er meir grunnleggande enn det som skil oss. 

Det andre er at personar i maktromma, anten ein er teologiprofessor, politikar eller bedriftsleiar, har eit enda større ansvar enn andre for å gje plass til andre menneske.

- Vi kan velje å trekkje opp stigen og seie at her bur vi. Men det er ikkje sikkert at det er det beste for nokon av oss. Dette gjeld både i møte med flyktningar og i møte med menneske som Gunnar, seier Trygve Wyller.

Av Silje Pileberg
Publisert 13. feb. 2018 09:45 - Sist endret 13. feb. 2018 09:45