Reformasjonen endra dei nordiske samfunna

At reformasjonen endra kyrkjene i dei nordiske landa, er velkjent. At han også sette sterkt preg på resten av samfunnet, har til no fått mindre merksemd.

Maleri: Ferdinand Pauwels, "Luthers Thesenanschlag", 1872. Kilde: Wikimedia Commons

31. oktober 2017 er det 500 år sidan Martin Luther hengde opp sine 95 tesar på kyrkjedøra i Wittenberg, Tyskland. Dagen reknast som starten på den lutherske reformasjonen.

I dei nordiske landa skulle konsekvensane bli store.

- Reformasjonen var meir enn teologi og politikk. Han medførte kulturelle endringar som omfatta alle menneske i samfunnet meir enn vi har vore vane med å tenkje, seier Tarald Rasmussen, professor ved Teologisk fakultet, Universitetet i Oslo.

Han er saman med Ola Tjørhom redaktør for boka «Reformasjonen i nytt lys», der fagpersonar innan kulturhistorie  og kyrkjehistorie løftar på sløret frå vår fjerne fortid. Nokre av samfunnsendringane den gongen pregar oss framleis.

Luther imponerte dansk prins.

Dei nordiske landa hadde på 1500-talet ei sterk kongemakt og kunne setje reformasjonen sine prinsipp ut i livet effektivt og raskt.

Kanskje begynte det heile den dagen i 1521 då den unge, danske prins Christian var til stades ved Riksdagen i Worms? Fire år hadde gått sidan Luther hengde opp tesane sine, ein sterk protest mot avlatspraksisen i den katolske kyrkja. Han vart skulda for kjetteri, men nekta å trekkje tilbake det han hadde gjort.

- Riksdagen i Worms var den staden der Luther aller mest stod fram som det moderne mennesket som stolar på seg sjølv og si eiga fornuft. Fleire filosofar skulle seinare vise til denne hendinga som fødselen av det moderne individet, fortel Rasmussen og viser til mellom andre Georg Hegel.

Luther vart lyst fredlaus, men prinsen, seinare kong Christian III, hadde blitt mektig imponert. Han gjorde statskupp og innførte lutherdomen som statsreligion i Danmark og Noreg i 1536.

Trong fødsel i Noreg.

- Danmark vart eit slags luthersk modelland. Noreg vart motvillig trekt inn i det, fortel Rasmussen.

Her til lands hadde reformasjonen minimalt med folkeleg støtte. Danskekongen kom med soldatar og jaga erkebiskopen i Trondheim ut av landet i 1537. Katolske biskopar vart bytta ut med lutherske, unntatt Oslo-biskop Hans Rev, som gjekk over til lutherdomen.

- Ingen land i verda har ei så paradoksal reformasjonshistorie. Likevel skulle reformasjonen bli svært viktig også for Noreg, påpeikar Rasmussen.

På sikt omfamna også den svenske kongen reformasjonen. Men danskane, og dermed også Noreg, var først ute og mest konsekvente.

København vart eit nytt Wittenberg.

Under katolisismen hadde kongane i Sverige og Danmark kontrollert staten, medan paven var kyrkja sitt overhovud. No kontrollerte kongane både kyrkje og stat. Særleg dei danske reformasjonskongane var ivrige lutheranarar, las teologiske bøker og lytta til andaktar kvar dag. Christian III og sonen Fredrik hadde tett kontakt med Luther og hans folk i Tyskland.

- Dei bygde opp København som eit nytt Wittenberg, seier Rasmussen.

Teologane og borgarskapet sende sønene sine for å studere ved universitetet i Wittenberg. Universitetet i København vart reformert og fylt opp med lærarar som hadde studert nettopp der. Ein viktig del av læra var at alle band til pavekyrkja skulle kuttast.

Alt arbeid var eit kall.

Katolske biskopar vart avsette, kloster vart stengde. Talet på kyrkjer vart kraftig redusert. Sjølve førestillinga om det heilage vart radikalt endra, ifølgje Rasmussen.

- Det heilage var til stades også i verda utanfor kyrkja, til dømes i fornufta og arbeidet, seier han.

For lutheranarane var alt arbeid like mykje verdt.

- Før reformasjonen tenkte ein på det å bli munk eller prest som eit kall. For Luther var kallet å jobbe i verda, i alle slags yrke. Det førte til at arbeid vart oppvurdert, det vart ei slags religiøs oppgåve for menneske, seier Rasmussen og legg til:

- Å vere arbeidsam og fornuftig har vore dydar som har prega protestantar og lutheranarar lenge.

Prestane vart opplysingsagentar.

Sjølv om Luther meinte at prestar, nonner og munkar ikkje var meir heilage enn andre, fekk dei lutherske landa ein prestestand som skulle bety mykje. Medan dei katolske prestane hadde levd åleine, eller med konkubiner, tok dei lutherske prestane med seg familiane sine til lokalsamfunna.

- Prestegardane vart ei form for kultursenter. Presten hadde oppsyn med skulevesenet og plukka ut gåverike born eller ungdommar som skulle sendast til latinskule eller universitet.

Når prestane si buplikt i dag opphevast og prestegardar seljast, er vi i ferd med å vinke farvel til ein 400 år gammal kultur som starta med reformasjonen, påpeikar Rasmussen.

Folk lærte å lese.

Ein annan viktig del av reformasjonen var at alle skulle vere ansvarlege for sin eigen religion. Mange unødige ritual frå pavekyrkja vart fjerna, folk måtte høyre og tru forkynninga sjølv. Dei måtte også lære å lese, og bøker vart trykte i stort monn.

- Enkeltindividets ansvar for religion gjekk hand i hand med ei myndiggjering av folk på andre område. Folk lærte ikkje berre å lese Bibelen, men også andre bøker, seier Rasmussen.

Skulevesenet skaut fart både for gutar og jenter.

- Dette var ei tydeleg endring allereie på 1500-talet, sjølv om dei verkeleg store endringane kom først seinare.

Salmesongen spreidde seg.

Lutheranarane sette også songen og musikken høgt. Dette var ein måte enkeltmennesket kunne gje uttrykk for religionen sin på. Salmebøker var blant dei første bøkene som vart trykte.

- Også under katolisismen hadde ein hatt salmar, men dei hadde vore mindre viktige. No fekk salmane ein sentral plass i gudstenesta, og folk lærte dei utanåt. Salmane var nok vel så viktige som prestens preiker når det gjaldt å forme ein ny religiøsitet og ein luthersk mentalitet blant folk flest.

Medan dei tidlege salmane hadde vore på latin, var det no dansk som var språket. Først etter lausrivinga frå Danmark i 1814 fekk vi norskspråklege salmar i Noreg.

Starten på velferdsstaten?

Eit tema som har blitt diskutert i fagkretsar er kva reformasjonen betydde for velferdsstaten vi har i dag. Eitt av kapitla i boka, skrive av kyrkjehistorikar[S1]  Aud Tønnessen, går spesielt inn på dette.

Rasmussen påpeikar at velferdsstaten ikkje eksisterte på 15-1600-talet. Men kanskje var det som skjedde då, ein start på det som kom seinare?

- Reformasjonen medverka til å byggje ein sterk stat, som også hadde ansvar for religionen og alt som vart rekna inn under han. Kongane overtok dermed eit større ansvar både for skulestell, fattigstell og sjukepleie, seier han.

Rett nok var det ikkje alltid kongane tok dette nye ansvaret like alvorleg, legg han til. Han presiserer også at dagens velferdsstat er forankra i ei rekkje andre forhold enn reformasjonen.

- Likevel er det god grunn til å seie at det fins samanhengar mellom reformasjonsprosjektet og dei nordiske velferdsstatane, seier Tarald Rasmussen.

Av Silje Pileberg
Publisert 25. okt. 2017 23:38 - Sist endret 25. okt. 2017 23:47