Frå Lussi til Lucia

Lucia-feiringa er ei feiring av det gode og det lyse. Men den førkristne Lussi var alt anna enn ein helgen, skriv professor Hallgeir Elstad.

Det kunne gå hardt for seg på Lussinatta, då fór Lussi og følgjet hennes frå gard til gard og stelte i stand ugagn. Illustrasjon: Julereia av Nils Bergslien, 1922. Kjelde: Wikimedia Commons. 

Sankta Lucia var ein helgen. Ho var ei ung kristen jente som skulle ha døydd som martyr på Sicilia under den store kristenforfølginga kring år 300. Lucia (namnet tyder eigentleg ”lysande”) står for det gode og det lyse, ei som gjer godt mot andre.

Tradisjonen med Lucia-tog starta i Sverige i 1927, og spreidde seg etter kvart til resten av Norden. Illustrasjon: Wikimedia Commons.

På våre breiddegradar vart Sankta Lucia eit symbol på lyset i denne mørkaste tida av året. I alle dei nordiske landa vart Lucia-dagen feira, sjølv om skikken nok i nyare tid har vore meist utbreidd i Sverige. Men i Noreg har vi kome etter, og dagen blir særleg markert i barnehagar og på skular.

Vonde makter på Lussinatta

Etter gammal tradisjon byrja den eigentlege juletida kring lussi, som ein gjerne sa, dvs. 13. desember (Lucia-dagen). Då skulle eigentleg alt grovarbeidet til jul vere ferdig. Lussinatta var rekna for å vere den lengste i året. Somme stadar vart dagn kalla Lussi langnatt.  

I gammal tid var det mykje overtru knytt tiI Lussinatt. Ikkje minst var vonde makter på ferde. Lussitradisjonen står i ei klar spenning til den kristne Lucia-tradisjonen. Det heitte seg somme stader at dei som ikkje var ferdig med det grøvste av juleførebuingane kunne vente at Lussi kom for å straffe folk og fe på ein eller annan måte. Her var Lussi tenkt mest som ein demon – og hadde lite til felles med den kristne Lucia.

Lussinatta var det ikkje trygt å vere ute. Dei borna som hadde gjort noko gale måtte vere særleg på vakt. Lussi kunne nemleg kome seg ned gjennom pipa og ta dei. Ein tenkte seg at Lussi kunne fare gardimellom og frå bygd til bygd, og ho var farleg for alle. All slags trollpakk var på ferde Lussinatta.

Lussi og Lucia smelta saman

I den gamle folketrua var det vanleg at den eldste dottera i huset gjekk ”lusseferd” for å jage bort dei vonde maktene som måtte herje på garden, og verne folk i det nye året. Det var òg skikk at lusseferda gjekk innom fjøset og stallen.

Slik ser det ut til å ha vore det vore ei samansmelting av den kristne St. Lucia og den førskristne Lussi – det er altså to tradisjonsstraumar som møtest på Lucia-dagen 13. desember. Eldstedottera i huset blir eit symbol på den kristne Lucia, som vinn over det vonde. I dagens feiring er det lite att av Lussi – det er helst ein dag for borna, der det lyse og gode står i sentrum.

Lucia var somme stader Kirsten Giftekniv

Elles finst det òg døme frå folketradisjonen at Luciadagen har fungert som eit orakel.

Frå Nord-Noreg heitte det seg at giftelystne jenter sa denne versestrofa før dei la seg kvelden før luciadagen: ”Lusseg, Lusseg, den fromme / lat det føre meg kome / kem si kona eg skal bli / kem si seng eg skal reie / kem sin duk eg skal breie!” Om natta drøymde jenta så den ho skulle få.

Andre stader der denne tradisjonen var kjend, kunne ordlyden vere noko annleis. Ein variant var òg at den første mannen/guten som kvinna/jenta møtte etter Lucia-dagen og etter å ha sagt verset, skulle bli ektemannen hennar.

Av Hallgeir Elstad
Publisert 13. des. 2017 00:19 - Sist endret 13. des. 2017 11:30